Hopp til innhold
Norsk dokumentarserie. Musikkvideo for Klart eg kan.

Kjenner du barn som seier Klart eg kan?

Dokumentarserien Klart eg kan treng tips om nye modige barn.

Norsk dokumentarserie.
Vennene til Simon Elias kan å sykle, men det kan ikkje han. Når dei andre syklar på to-hjulsykkel, syklar han på sparkesykkel. Det synes Simon Elias er dumt og no vil han prøve hardt på å lære seg å sykle, sjølv om han er redd for å tryne skikkeleg.

Simon Elias (5) prøver seg på to hjul

Simon Elias Aardalsbakke (5) frå Endal kan ikkje sykle, men det kan vennene hans. No har også han lyst til å lære seg det.

"Klart eg kan" får ny musikkvideo.

Desse barna skal bli stjerner i ny musikkvideo

FLORØ (NRK): Er du blant dei som på eit tidspunkt har hatt songen til barne-TV-serien «Klart eg kan» på hjernen? No er gjengen bak serien i full gang med ny musikkvideo.

Norsk dokumentarserie. 
Guro elskar hestar og har lenge drøymt om å ri på fjelltur i lag med mamma. For å få lov til det må ho klare å styre hesten utan hjelp frå andre.

Klart eg kan – treng fleire modige born

Denne hausten starta den femte sesongen av barne-tv serien Klart eg kan. Når siste episode vert sendt i februar er det blitt fortalt 63 unike historier om mot og meistring.

Norsk dokumentarserie. 
Tannlegen har bestemt at Nora må trekke to melketenner for å få plass til dei nye tennene. Nora gruar seg veldig, for ho har aldri trekt tenner hos tannlegen før. Tenk om det er vondt og tenk om noko gale skjer?

Nye episodar av Klart eg kan

I kveld kjem det heilt nye episodar av barne-tv serien Klart eg kan. Første episode handlar om Nora Nyhammer-Taklo som skal til tannlegen.

NRK Sogn og Fjordane feira i dag premieren for den femte sesongen av suksessen Klart eg kan.

Bli med på premierefest for Klart eg kan

Ungane var i sentrum då NRK Sogn og Fjordane i dag feira premieren for den femte sesongen av Klart eg kan.