Hopp til innhold

Barnedokumentar frå NRK Sogn og Fjordane kan få prisen som beste film

«Klart eg kan»-dokumentaren om sju år gamle Sivert som skal overnatte i gapahuk i Sogndalsfjella er nominert til ein stor internasjonal barnefilmfestival i Taiwan.

Sivert Klart Eg Kan

NOMINERT TIL PRIS: Dokumentaren om Sivert er nominert til ein høgthengjande pris under ein av dei største barnefilmfestivalane.

Foto: NRK / Arkiv

– Eg trudde først det var ein, spøk seier prosjektleiar Kjellrun Lavik

«Klart eg kan» er ein dokumentarserie som skildrar eventyret det er å vekse opp. Hovudpersonane er mellom fire og åtte år og lever midt i ein spennande kvardag som er full av utfordringar og ofte opplever dei som er med ting for første gong.

I 2012 vart det laga ein episode om Sivert frå Sogndal som skal vere med pappa på overnattingstur ute i skogen. Sivert gruar seg, for han er litt mørkredd og trur kanskje det blir veldig kaldt.

Eva Westvik

PROGRAMSKAPAR: Eva Westvik har laga filmen om Sivert saman med fotografane Arne Stubhaug og Ole Andre Rekkedal.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Kan bli beste dokumentar

I tillegg trur Sivert litt på huldrer, for pappa elskar å fortelje skrøner og eventyr. Han gler seg til å endeleg få prøve og overnatte ute, men er veldig spent på korleis det skal gå.

Det er denne episoden som no er nominert i kategorien beste dokumentar under Taiwan international childrens film festival i månadsskifte mars april.

Det er journalist Eva Westvik som laga episoden i lag med fotograf Ole Andre Rekkedal og Arne Stubhaug.

– Etter det eg har høyrt, kjem det fleire tusen bidrag til festivalen, så at NRK Sogn og Fjordane har laga eit program som er som mellom dei fem som er nominerte i kategorien dokumentar er jo heilt utruleg- Dette er rett og slett stor stas, seier Lavik.

Nitti barn har vore med

Det er i år ti år sidan NRK Sogn og Fjordane starta med produksjon av barnedokumentarar for NRK Super. Først med serien «Her er eg», og frå 2010 serien «Klart eg kan».

Kjellrun Lavik

SÆRS NØGD: Prosjektleiar for serien, Kjellrun Lavik, er svært nøgd med at filmen om Sivert har blitt nominert til beste barnedokumentar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I desse åra har nesten nitti barn frå store delar av Vestlandet fått fortelje og vise fram spenninga og magien i sin oppvekst.
Klart eg kan deltok også på Nordisk Barne Medie Festival i Ebeltoft i Danmark 2013. Den gongen vart det ikkje pris, men det er uansett verdifullt å bli nominert.

– Stor anerkjenning

– Tilbakemeldingar me får frå sjåarar går ofte på at desse småbarnsdokumentarane gir barna deira sunne føredøme og inspirasjon til å prøve noko nytt. Eg trur det kan vere grunnen til at me endå ein gong er nominert til ein festival, seier Lavik.

I tillegg inneheld episoden om Sivert mykje fin norsk natur, både fjord og fjell. Så det mogleg at dei som har bestemt kven som blir nominert likte det også.
Men om dette er nok til å vinne ein pris er noko heilt anna.

– For oss er det uansett ei stor anerkjenning berre å bli nominert, det må jo bety at internasjonale fagfolk synest me lagar program av høg kvalitet. Det gjer oss glade og motiverte.