Hopp til innhold

No skal fjellsida sikrast

Statens vegvesen vil sikre fjellsida der det i førre veke rasa ned store mengder stein på fylkesveg 53 i Årdal.

Raset i Årdal

LANG STENGING: Først torsdag kveld eller fredag reknar Statens vegvesen med å kunne opne fylkesveg 53 i Årdal igjen. Då har vegen vore stengd i ei veke.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– No vert det sett opp rassikringsgjerde i området. I første omgang set vi opp eit mellombels gjerde, og seinare eit permanent gjerde, seier Bjørn Indrebø i Statens vegvesen.

Det permanente gjerdet reknar han med skal vere på plass i midten av mars.

Stengt i ei veke

Torsdag håpar Statens vegvesen å få rydda raset på fylkesveg 53 i Årdal. Då har vegen mellom Fodnes og Årdalstangen vore stengd i ei veke grunna eit større steinras.

– Vi får ikkje gjort noko på rasstaden før vi har det riktige utstyret.

Før Vegvesenet får kome skikkeleg i gang med å rydde vekk raset må dei reinske ut lausmassar i fjellsida over raset. Då treng dei eit Super Puma helikopter med vasstank som kan ta 3000 liter. Problemet er berre at det ikkje er eit einaste ledig helikopter i nord Europa med stor nok vasstank til å spyle fjellsida.

Bjørn Indrebø

VENTAR PÅ HELIKOPTER: Bjørn Indrebø i Statens vegvesen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

I Noreg er det berre ein Super Puma, og den er ikkje tilgjengeleg før på onsdag.

– Det har vore på sørvis. Vi har i dag fått stadfesting på at dei skal vere klare her inne onsdag morgon, seier Indrebø.

Heilt isolerte

Søndag var dei 5300 innbyggarane i Årdal heilt isolerte då omkøyringsvegen over Tyin vart stengd på grunn av dårleg vêr.

Løysinga vart då å sette inn båt for frakte alle som skal pendle til og frå Årdal på arbeid.

– Eg tar båten i dag. Resten av veka kjem eg til å køyre fjellet. Det er litt enklare, seier Roy Trulssen.

Måndag morgon synte det seg raskt at båten som var sett inn var for liten. Mellom 80 og 100 passasjerar vart ståande igjen etter første avgangen. Måndag ettermiddag skriv Sogn Avis at det vil bli sett inn ein større og raskare båt for å ta unna pågangen av reisande. Frå tysdag morgon er MS "Brage" på plass og den kan ta 150 passasjerar.