Hopp til innhold

No må han betala for elbilen sin på ferja, men det sparer han pengar på

LAVIK (NRK): Frå 1. mars må alle elbilar betale for ferjekryssingar på riks- og europavegane. Men for førarane vert det faktisk billigare enn i dag, om dei har ferjekort.

Jarle Gunnarson, Tesla-sjåfør om at elbilar må betale på ferjer

OVERRASKA: Elbilsjåfør Jarle Gunnarson vart overraska over at han no vil spare pengar på ferjeturane sine etter takstendringa som seier at elbilar må betala på ferjene.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Det visste eg faktisk ikkje før du fortalt meg om det. Det skulle berre mangle at ikkje vi som køyrer elbil også er med å betaler, men at takstendringa fører til at det vert rimelegare er jo litt hol i hovudet, seier Jarle Gunnarson lattermildt.

I samband med Statsbudsjettet i fjor haust vedtok Stortinget at frå 1. mars i år skal elbilar betale 50 prosent av personbiltakst på ferjene.

Men i dei fleste tilfelle ender det opp med at ferjeturen vert rimelegare enn i dag, for elbilsjåførane som har ferjekort.

Måtte betale som passasjer

Gunnarson tek ofte ferja over Sognefjorden mellom Oppedal og Lavik på E39.

Han har ferjekort og har då betalt drygt 33 kroner for sin passasjerbillett med rabatt, sidan elbilen har vore gratis. No vil han og andre elbilistar sleppe unna med i overkant av 26 kroner, fordi ferjekort gjev elbilistar 75 prosent rabatt på fullprisen for personbilar som er 106 kroner. Betaling for bil på ferjeovergangar inkluderer sjåføren.

Med andre ord er det rimelegare med den nye ordninga og trenden er den same på dei fleste ferjesambanda på Vestlandet.

– Det er riktig at om ein har ferjekort så vil konsekvensen vera at ein betaler 25 prosent av fullprisen på ein personbil, seier regionleiar i Fjord 1, Tor Kristoffersen.

Endringa frå torsdag av gjeldt riks- og europavegar. I Hordaland har det vore betaling for elbilar på ferjer i over to år på fylkesvegane. I Møre og Romsdal innførte dei det same i 2017.

Takstendringane gjeld på følgande samband frå torsdag av:

  • E39 Halhjem-Sandvikvåg (Hordaland)
  • Alle Fjord 1-samband i Sogn og Fjordane og E39 Oppedal-Lavik (Norled)
  • E39 Arsvågen-Mortavika (Rogaland)
  • Molde-Vestnes, Festøya-Solavågen, Halsa-Kanestraumen, Volda-Folkestad (Møre og Romsdal) På Oppedal-Lavik på E39
Ferje, Oppedal-Lavik

FERJE: Ferjesambandet over Sognefjorden mellom Oppedal og Lavik på E39 er eit av fleire samband som no får takstendring for elbilar.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Viktig med rabatt

Petter Haugneland i Norsk Elbilforening har også registrert at det vil vli rimelegare for elbilsjåførar, men syns det viktigaste er at det er innført eit felles takstsystem.

– I praksis gjer ikkje endringa ein stor forskjell, men vi syns det er viktig at det er ein betydeleg rabatt for nullutsleppsbilar. Slik kan vi nå målet om at alle nye bilar som vert seld skal vera nullutsleppsbilar innan 2025, seier Haugneland.

Petter Haugneland

VIL BETALA: – Det har ikkje vore meininga at det skal vera gratis for elbileigarar å køyre på ferjer og gjennom bomringar. Med ein regel om at prisen er 50 prosent lågare for nullutsleppsbilar gjev det eit tydeleg insentiv for folk til å skaffa seg elbil, seier Petter Haugneland i Norsk Elbilforening.

Foto: Aksel Jermstad / elbil.no