Hopp til innhold

No kjem styrtregnet – og skogbrannfaren

Meteorologisk institutt varslar om gult farenivå for styrtregn fleire stader i landet. Samtidig er det knusktørt fleire stader, og gult farevarsel for skogbrann er også sendt ut.

Farevarsel styrtregn og skogbrann

Det er meldt mykje vær dei neste dagane.

Foto: @meteorologene / NRK

Vestlandet og Austlandet er prega av at det har komme lite nedbør, og vore veldig tørt lenge.

Da skal det ikkje så veldig mykje til før ein brann kan spreie seg i den tørre vegetasjonen.

Laster Twitter-innhold

Samstundes er det venta kraftige regnbyger fleire stadar i landet, og for fyrste gong er det sendt ut farevarsel om styrtregn.

Det har vorte sendt ut farevarsel for mykje regn på kort tid tidlegare, men aldri for styrtregn, som nyleg har fått sin eigen varseltrekant.

Det er meldt farevarsel om styrtregn i Vestland, Agder, Telemark, Buskerud, Oppland og Trøndelag onsdag.

Foreløpig ser det ut til at de nordlegaste delane av landet får pent eller delvis pent vær de neste dagane, og ingen farevarseler er sendt ut i disse landsdelane.

– Vêret kan endrast raskt, seier statsmeteorolog Pernille Borander.

– Det er så liten tidsskala på det, så dette er noko vi prøvar å gjere for å kommunisere sannsynet då det er eit vanskeleg fenomen å melde.

Statsmeteorologen meiner ein kan vente seg fleire varsel om styrtregn i løpet av sommaren, då det er sesong for dette.

Laster Twitter-innhold

Mykje tørt

Trass i varselet om mykje nedbør enkelte stader, har det alt vore såpass tørt at det har brent fleire stader i Noreg denne sommaren.

Brannsjef i Drangedal kommune i Vestfold og Telemark, Bård Bråten, seier det er svært viktig at folk som ferdast ute i naturen er merksame på brann, og varslar brannvesenet om dei oppdagar noko.

– At folk er observante når dei er ute, det er alfa og omega.

Sommaren for to år sidan var det svært mange skogbrannar i Noreg. Den vesle kommunen Drangedal sat ein dyster rekord med heile 23 skogbrannar.

Brannsjefen førebur seg på det verste, og 20 brannkonstablar står klare til å reise ut dersom det kjem beskjed om at det brenn.

Bård Bråten, brannsjef i Drangedal.

Brannsjef Bård Bråten håpar på ein betre sommar enn rekordåret 2018, med godt over 20 brannar.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Bråten håpar likevel at i år skal bli betre, og kjem med eit ynskje som han veit ikkje fall i god jord hos alle.

– Eg likar å seie at det er godt at det regnar om sommaren. Det er eit upopulær utsegn, men dessverre er alternativet er så dårleg.

– Må bu seg på store konsekvensar

Det er store lokale variasjonar i meldingane om styrtregn, opplyser Borander.

Onsdag ettermiddag til onsdag kveld er det venta kraftige regnbyger i midtre og indre strøk i Vestland.

Borander seier at ein her må bu seg på at det kan bli flaum og lokale overfløymingar. Med så kraftige byger kan det òg bli torevêr, hagl og lyn.

Ingen var budd på dei alvorlege konsekvensane då styrtregn utløyste fleire jordras langs E39 i fjor sommar i Jølster kommune.

– Det er vanskeleg å føresjå utfallet, men man må bu seg på at det kan bli store konsekvensar om det fell på riktig eller feil stad.

Styrtregn i Oslo

STYRTREGN: – Dersom ei ordentleg kraftig bye kjem over eit tettbygd strøk, kan det bli mykje regn som samlar seg opp i vegbana, seier statsmeteorolog Pernille Borander. Det skjedde i Oslo i fjor sommar.

Foto: Vilde Helljesen / NRK