Hopp til innhold

No kan det bli lov med meir skyting og støy frå skytebanar

Naboane til marinebase klaga på støy frå nesten 600.000 skot i året. No opnar myndigheitene for meir skytebane-støy i framtida.

Skytebanen Jonsvatnet

MEIR STØY: Myndigheitene vil auka støygrensene frå skytebanar. No skal maksgrensene for støy auka med 10 dB. Illustrasjonsbilete.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Over ein halv million skot blir kvart år fyrt av i nabolaget til Bjørn Erik Sissener i Mathopen.

NRK fortalde måndag om naboen til marinebasen Haakonsvern, som årleg må tola lyden frå 570.000 skot som går av på Forsvaret sin skytebane. Det svarar til om lag 2.200 rundar i snitt kvar kvardag.

– Me har prøvd å ringa ned og spørja høfleg om dei kan avgrensa seg. Då har dei gjerne svara at dei skal halda på til ni om kvelden, seier Sissener, som på vegner av ei gruppe naboar har klaga på skyteaktiviteten til Bergen kommune.

Sissener2

NÆR NABO: Bjørn Erik Sissener kan sjå rett ned på kystvaktkaien på Haakonsvern frå huset. Han er ikkke nærmeste nabo til skytebanen, men høyrer likevel skota godt.

Foto: Christian Lura / NRK

Opnar truleg for meir skyteaktivitet

Trass klagen er det ingenting som tyder på at aktiviteten skal gå ned.

No opnar Klima- og miljødepartementet for auka støygrenser ved norske skytebanar – både sivile og militære.

– Dagens grenseverdier for skytebanestøy er vurdert å vera for strenge då dei legg band på areal og hindrar skyteaktivitet, seier statssekretær Lars Andreas Lunde (H).

Eit endringsforslag frå Miljødirektoratet (ekstern lenkje) vert i desse dagar fastsett av departementet. Det inneber å lempa på støykrava for norske skytebanar.

Statssekretær i Miljøverndepartementet; Lars Andreas Lunde

MEIR STØY: Statssekretær Lars Andreas Lunde (H) i Klima- og miljøverndepartementet lempar på grenseverdiane for støynivå ved norske skytebanar.

Foto: BJORN H STUEDAL / www.stuedal.no

Svarar til ei dobling i lydnivå

No må naboar som Sissener akseptera at skytebanar kan produsera maksimalstøy på opp mot 70 decibel. Det er ei auke på 10 dB frå dagens lovverk.

Ifølgje forslaget viser undersøkingar at dei fleste vil oppfatta ei auke i lydnivået på 10 dB som ei dobling.

Føremålet med endringa er å gi kommunane eit større handlingsrom i arealplanlegginga.

– Retningslina er ikkje juridisk bindande, men rettleiande, seier Lunde.

Auken direktoratet føreslår er likevel mindre enn den Forsvarsbygg ynskte. Den nasjonale målsetjinga er at færre skal utsetjast for høge støynivå i og ved bustaden sin.

«[...] man må derfor være forsiktig med å lempe for mye på kravene.»

Datokjøring i Bergen

– Me ventar på svar frå departementet, seier Sonja Skotheim ved helsevernetaten i Bergen kommune, som skal handsama klagen frå naboane i Mathopen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Ventar på svar frå staten

I Bergen må naboane til Haakonsvern venta med å få klagen handsama. Bergen kommune gjer ikkje noko før det kjem eit endeleg svar frå departementet.

– Me ventar på svar frå departementet før me tek stilling til klagen, seier Sonja Skotheim ved helsevernetaten, som skal handsama klagen frå Sissener og naboane i Mathopen.

Helsevernetaten vil då be Forsvarsbygg oppgradera støyrapporten som alt ligg føre for Haakonsvern.

– Me vil be Forsvarsbygg oppgradera støyrapporten etter at dei nye retningslinjene er tekne inn. Me ynskjer også ei ny vurdering knytt til barnehagen som ligg inne på baseområdet, seier Skotheim.