Hopp til innhold

No kan det bli eit nytt universitet på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er fleire steg nærare å bli det ellevte universitetet i Noreg etter at styresmaktene har godkjend nye doktorgradsstudium.

Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal

NYTT UNIVERSITET? Campus i Sogndal er ein av studiestadane til Høgskulen på Vestlandet som no kan bli nytt universitet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi har nådd ein milepæl, seier rektor Berit Rokne til høgskulen si eiga heimeside i dag.

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har no godkjend fleire nye doktorgradsprogram. Dermed kan det no bli noko av draumen til høgskulen om å bli universitet.

– Det betyr veldig mykje. Vi er nesten i mål med to doktorgradsprogram. Det betyr utruleg mykje for oss i høve det å planleggje vidare for å bli eit nytt universitet på Vestlandet, seier Berit Rokne til NRK.

Ho meiner at grunnlaget langt på veg no er lagt for å etablere det nye universitetet på Vestlandet, som blir eit profesjonsretta og arbeidslivsretta universitet.

Det er tre tidlegare høgskular på Vestlandet som om få år truleg kan kalle seg universitet. I Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund utdannar dei økonomar, lærarar, sjukepleiarar og andre yrkesgrupper.

Til høgskulen si heimeside fortel rektor at arbeidet med sjølve universitetssøknaden er godt i gang. Målet er å bli eit universitet innan 2023.

– Det er mange tilsette som skal takkast i dag for at vi har nådd denne viktige milepælen. Her har det vore lagt ned mykje godt arbeid over fleire år.

Seinast i fjor var styreleiar i HVL, Arvid Hallén, tydeleg på at det er ein lang prosess frå høgskule til universitet.

Oddmund Hoel og demonstrerande studentar

PROTESTERTE: I 2016 var det sterke protestar i Sogndal mot samanslåinga av høgskulane på Vestlandet. No kan det bli universitet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
Erna Solberg opnar Høgskulen på Vestlandet

HØGTIDELEG OPNING: Statsminister Erna Solberg kom på raud løpar for å opna Høgskulen på Vestlandet 10. januar 2017. Her saman med rektor Berit Rokne og viserektor Rasmus Stokke.

Foto: Noralv Pedersen / NRK