NRK Meny
Normal

Universitet innan 2023 – «ikkje særs realistisk»

Høgskulen på Vestlandet vil bli universitet innan berre seks år, men det blir vanskeleg, slår ny rapport fast.

høgskulen i sogn og fjordane

CAMPUS SOGNDAL: Høgskulen på Vestlandet ligg på fleire område langt under krava for å få den høgthengande universitetsstatusen.

Foto: HISF

– Me har ein lang veg å gå, seier styreleiar Arvid Hallen ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Arvid hallen

VIKTIG RAPPORT: – No skal styret stikka fingeren i jorda, sjå kvar me er og leggja opp strategiane etter det, seier styreleiar Arvid Hallen ved Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Forskningsrådet

Den nyleg samanslåtte høgskulen ønskjer å bli universitet innan 2023, men det blir ikkje berre enkelt, viser ein ny rapport:

Høgskulen ligg bra an på ein del område, men på to viktig felt skårar høgskulen langt under det som krevst:

  • HVL har ikkje nok fagfolk med høg kompetanse: 42 prosent av dei fagtilsette er fyrsteamanuensar eller fyrstelektorar. Det er langt ifrå godt nok for å bli eit universitet. Då bør minst 70 prosent av fagfolka ha slik kompetanse. Sju av dei åtte universiteta i landet ligg over dette. Det åttande – Nord universitet – ligg på 56 prosent og har fått statleg refs for det.
  • Tilsette ved HVL får ikkje nok forskingsartiklar på trykk i vitskaplege tidsskrift

Trongt nålauge

– Det er ikkje til å leggja skjul på at dei tre høgskulane som gjekk saman til HVL, ikkje har kome veldig langt samanlikna med dei som ligg fremst, seier Hallen.

Nålauget for å bli universitet er trongt. Likevel strevar fleire høgskular etter den gjæve universitetsstatusen. Han er nemleg viktig for å rekruttera studentar og fagfolk, og han har også mykje å seia for kommunane, dei statlege institusjonane og næringslivet rundt.

Høgskulevedtak

HISTORISK FUSJON: 9. juni 2016 sa høgskulestyra i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugsund ja til å slå seg saman, her frå det dramatiske fusjonsmøtet i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Skal HVL rykkja opp på rangstigen, må også forskinga opp. I dag får fagfolka ved campusane i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund alt for få forskingsartiklar på trykk i vitskaplege tidsskrift for å bli eit universitet.

– Det blir eit formidabelt løft, seier Eva Haukeland Fredriksen, som har leia arbeidet med rapporten.

– Det kjem til å krevja strategiske val og prioritering frå HVL framover.

Krevjande prioritering

Dåverande Høgskulen i Sogn og Fjordane brukte meir pengar på nettopp forsking i åra før fusjonen i fjor, men pengane tok dei frå studentane og undervisninga.

Ingrid Moe Albrigtsen

PROTESTERTE: I 2015 vedtok dåverande Høgskulen i Sogn og Fjordane å ta pengar frå undervisning og gi til forsking. Det vekte harme hjå dåverande studentparlamentsleiar Ingrid Moe Albrigtsen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det må ikkje skje ved HVL, seier Marianne Rødseth Espelid, som var studentrepresentant då høgskulestyret drøfta rapporten i førre veke:

– Det må fokuserast på utdanning på alle nivå – både på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Alle programma våre må få støtte til å utvikla seg godt.

«Ikkje særs realistisk»

– HVL må tenkja på heile breidda og det regionale oppdraget. Høgskulen skal levera på framifrå undervising også på bachelor-nivå. Greier me ikkje det, sagar me av den greina me sit på, svarar Hallen.

Styreleiaren vil ikkje vera konkret på kva som skal prioriterast ned og opp, men rapporten peikar på at HVL må bli flinkare til skaffa pengar utanfrå, slik at kaka kan bakast større.

– Er det realistisk at HVL skal bli universitet allereie innan 2023?

– Styret drøfta dette, og frå styremedlemmer kom det synspunkt som «er det vits å ha ein slik ambisjon, når han ikkje synest særs realistisk». Men styret blei samde om at sjølve ambisjonen er viktig fordi han gir ei retning for høgskulen.