Barnehageborn rydda lag på lag med søppel

SOLUND (NRK): Ei nær umogleg oppgåve, men ungane i Solund barnehage gav seg på jobben. Dei rydda lag på lag med søppel. – Dette er framtidas forvaltarar.

DUGNADSÅND: Ungane i Solund barnehage gjekk inn i oppgåva med godt mot, og samla inn store mengder plast.

Dei er ikkje store, men dei er klare for ei stor oppgåve. Ungane i Solund barnehage er ivrige strandryddarar.

– Her er det masse, seier ein av dei.

Flasker og plast, nytt og gamalt, ligg overalt i Indre Selvik. Søppelet flyt inn frå havet, og ungane plukkar med seg det dei klarer. Dei er håpet for framtida, trur Bjarte Engevik.

– At dei får sjå dette her, det skapar haldningar og ansvarsbevisstheit.

Engevik er leiar for Fjordane friluftsråd, og han er sjokkert over synet som møter dei denne dagen. Han set sin lit til dei små ryddearbeidarane.

– Dette er kjempeviktig, og eg trur dei blir dyktige på å ta ansvar for plasten og forsøplinga. Dei kjem til å gjere noko med det, seier han.

Ryddar i Solund

Bjarne Engevik

SAMLA MYKJE: Leiar Bjarte Engevik i Fjordane friluftsråd.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

På øyane i Solund er det vorte samla inn mykje plast og søppel.

– Det er store mengder langs heile kystbeltet vårt. Vi tek oss av Solund, Askvoll, Flora, Bremanger og Vågsøy, og vi har ryddeaksjonar som går føre seg i alle desse kommunane. Det er enorme mengder som blir funne og stadig nye område som blir avdekka og som har behov for rydding, seier Engevik.

Han seier det er viktig å rydde for å halde plasten unna havet.

– Den beste måten å overvinne dette på, det er å heile tida ta ut det som kjem opp i strendene og få det vekk. For kvart kilo vi tek ut, er det eit kilo mindre plast som kan bli til mikroplast og komme inn i næringskjeda. Vi har ingen anna god og effektiv måte å reinse hava på i dag, seier han.

Ryddeaksjon

– Dersom alle brukar nokre få minutt kvar på å rydde vekk litt rusk frå vegkanten eller i gata, så vert det plutseleg så utruleg mykje finare rundt oss, seier distriktsredaktør Terje Gilleshammer i NRK Sogn og Fjordane.

NRK oppmoda heile fylket til å vere med på ein stor ryddeaksjon 2. mai.

Ein av dei som har bidrege til årets dugnad er Roy Båtevik. For nokre veker sidan var han og døtrene sjølv aktive i samband med eit ryddeprosjekt i regi av 4H. Han er svært positiv til NRK sitt initiativ.

– Eg tykkjer det er bra at NRK dreg i gang noko slikt, og håper mange vil bidra.

Sjølv har han ein enkel oppskrift for korleis ein kan halde fylket reint.

– Min gamle lærar på ungdomsskulen pleidde å seie at visst alle ryddar litt meir enn dei rotar, så har me eit godt utgangspunkt.

I løpet av få timar klarte familien Båtevik å samle saman mykje bos langs strendene i Bremanger.

Vellukka prosjekt

Det var opphavleg NRK Rogaland som starta opp prosjektet for to år sidan då initiativtakar, Johan Mihle Laugaland, byrja å rydde på veg til jobb. Dette resulterte i at tusenvis av rogalendingar heiv seg på, og i fjor arrangerte NRK ein nasjonal dugnad der distriktskontor over heile landet var med.

Gilleshammer, som omtalar responsen frå fjorårets dugnad i Sogn og Fjordane som «heilt fantastisk», var imponert over korleis bebuarar i fylket lokaliserte både smått og stort for å ta del i ryddedugnaden i fjor.

– Det var heilt utruleg å sjå kor mange som melde seg på og var med å rydde. Både små grupperingar som tok tak i nærmiljø samt større lag og organisasjonar nytta dagen til å ta eit ordentleg tak under aksjonen.

Trur på dugnadsånda

Terje Gilleshammer

RYDDEGENERAL: Redaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer.

Foto: NRK

I samband med årets dugnad ønskjer NRK Sogn og Fjordane å dekkje dugnaden der den skjer rundt om i fylket. Gilleshammer håpar difor at folk er flinke til å spreie ordet, og oppfordrar til å seie ifrå dersom det er aktivitetar planlagt som NRK bør vite om.

– Gje oss gjerne eit lite vink om det som skjer, så kanskje kan vi vere med og ha sending i løpet av dagen.

NRK-redaktøren seier det først og fremst er folk sjølv som må ta tak for at dugnaden skal verte ein suksess, men sjølv kjenner han seg trygg på at dette vil skje.

– Det er opptil kvar enkelt sitt initiativ, for å gjennomføre dette, men eg har ei urokkeleg tru på dugnadsånda i Sogn og Fjordane, og i folk si evne og vilje til å gjere det som skal til for å få det fint rundt seg.

Jonas og Vetle
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK