Hopp til innhold

No hastar det veldig om du vil ha pakken fram til jul

Har du enda ikkje fått sendt julepakken som skal til familien i Nord-Noreg eller til tanta på Sørlandet? Då byrjar det å haste veldig.

John Eckhoff

POSTSJEF: John Eckhoff i Posten oppmodar folk om å skunde seg for å få sendt julepakkane av garde.

Foto: Posten Norge

Posten har sett 16. desember som sendefrist før jul, og håper å få levert alt i tide.

– Vi har eit mål om å ha reint bord på julaftan, det skal ikkje vere noko post som ligg att på våre terminalar. Målet er heilt klart å få ut så mykje som mogeleg, seier John Eckhoff til NRK.

Kva reaksjonar får dykk frå kundar som ikkje får posten sin i tide før jul?

– Eg trur dei fleste er smerteleg klar over dei faktisk var litt seint ute, og tar det med ei klype salt. Eg håper folk er tidleg ute, og det er viktig å hugse på at julaftan er på ein måndag i år, noko som kan by på utfordringar, understrekar han.

Margunn Eikås Endestad

HEKTISK: For Margunn Eikås Endestad og dei andre som arbeider med post, er førjulstida av det hektiske slaget.

Foto: Ole-Kristian Førde / NRK

Hektisk i hyllene

På Coop Mega i Førde jobbar Margunn Eikås Endestad og dei andre hard for å ta unna alle pakkane som er på veg inn og ut av hyllene.

– Det skjer veldig mykje. og det har vore litt kaos her. Mange pakkar på kort tid som skal inn, så det er veldig krevjande.

Ho har merka at førjulstida er heilt spesiell i forhold til den vanlege arbeidskvardagen og ingen månad er like travel som desember for postvesenet.

– Det er dobbelt så mykje, og meir til. Det er vanvettig mange fleire pakkar no enn det vanlegvis er, seier ho.

– Det er nesten ikkje til å samanlikne, seier Eckhoff i Posten.

200.000 pakkar i døgnet

Postens største terminal, Logistikksenter Oslo, behandlar i overkant av 200.000 pakkar i døgnet, og meir var det etter shoppingdagen black friday.

Under årets black weekend hadde Posten ei auke på 30 prosent fleire pakkar, samanlikna med fjoråret.

– Dette er jo høgtida for oss, på meir enn ein måte. Jula er verkeleg gøy, og vi i posten står på nærmast dag og natt for å få både post og pakke fram, seier Eckhoff.