Hopp til innhold

No får Marie og Gaby fleire kvinnelege kollegaer

Aldri har fleire jenter søkt på bygg- og anleggsfag. Men ny rapport viser at Noreg er blant landa med størst kjønnsgap på yrkesutdanningane.

Kvinner i bygg. Marie Bygstad Vie og Gaby Nordeide Carlsen (f.v.)

KVINNER I BYGG: Marie Bygstad Vie (26) (t.v.) og Gaby Nordeide Carlsen (21) går mot straumen. Likevel blir det fleire kvinner som søker seg til bygg- og anleggsbransjen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg såg ingen damer i yrket då eg var lærling, seier Marie Bygstad Vie (26).

Men i det siste har ho sett ei forandring.

For ikkje lenge sidan hadde ho selskap på byggeplassen: tømrar, røyrleggar, elektrikar og byggfagarbeidar. Alle kvinner.

Sidan kom også Gaby Nordeide Carlsen (21) inn som lærling.

I starten gjekk dei mannlege kollegaene litt stille omkring dei. Men etter kvart har kvinnene tatt ein meir naturleg plass, fortel dei to.

– Eg merkar på mannfolka at dei synest det er litt artig at vi er blitt ein jentegjeng her no, seier Vie.

Marie Bygstad Vie og Gaby Nordeide Carlsen

KVINNER I BYGG: Sjølv om kollegaene var litt stille rundt dei i starten har Marie Bygstad Vie og Gaby Nordeide Carlsen no blitt ein naturleg del av arbeidsplassen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Noreg blant «verstingane»

Dei siste ti åra har fleire jenter byrja på det som tradisjonelt har vore gutedominerte yrkesutdanningar. Men ikkje mange.

I 1999 var andelen jenter på elektro-, mekaniske- og bygg- og anleggsfag 5 prosent.

Tjue år seinare er talet 8 prosent.

– Generelt sett er det store kjønnsforskjellar på yrkesutdanningane, og dei er vedvarande over tid, seier Kjetil Gunnerud Kristoffersen, som er rådgivar i Utdanningsdirektoratet.

OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) har nett samanlikna tal frå sine medlem- og samarbeidsland.

Rapporten viser at Noreg har eit av dei største kjønnsgapa.

I dei andre landa ligg snittandelen for jenter i elektro-, mekaniske- og bygg- og anleggsfag på 15 prosent.

Likestillingsparadokset

Det at Noreg er rekna blant dei mest likestilte landa i verda, men framleis har ein meir kjønnsdelt arbeidsmarknad enn andre industriland, har eit eigne namn.

Det blir kalla «likestillingsparadokset».

Dei største kjønnsgapa finst i yrke som murar, tømrar, jordmor og helsesjukepleiar.

– Innanfor politikk har kvinner etter kvart blitt godt representert i Noreg. Det same har ikkje skjedd i store delar av arbeidslivet. Her finn vi framleis store forskjellar, seier professor ved Universitetet i Oslo, Gunn Elisabeth Birkelund.

Kvinner har dei siste åra blitt dominerande i prestisjestudiar som juss og medisin.

Men ting tyder også på at fleire kvinner vil inn i ulike «manneyrke».

Delen jenter som søkar til bygg og anlegg har gått frå 4 til 12 prosent, og aldri vore så høg som i år.

– Det er utruleg gøy å sjå at fleire jenter nå vil ta utdanningar som tradisjonelt har vore dominert av gutar, sa kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby då søkartala til vidaregåande opplæring vart lagt fram i mars.

Ho la til:

– Det er viktig at vi støttar dei unge som tør å velje utradisjonelt, fordi vi framleis har ein kjønnsdelt arbeidsmarknad i Noreg.

Guri Melby kunnskaps- og integreringsminister. Arendalsuka 2021

KJØNNSDELT ARBEIDSMARKNAD: – Det er viktig at vi støtter de unge som tør å velje utradisjonelt, seier Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Foto: Jon Anders Møllen / NRK

Født sånn eller blitt sånn

Kvifor gutar og jenter framleis vel så tradisjonelt i likestillingslandet Noreg har skapt oppsikt verda rundt.

Det har i tillegg skapt hovudbry for samfunnsforskarar.

– Det er tusenkronersspørsmålet, seier Gunn Elisabeth Birkelund.

Men teoriar finst, og samfunnsforskarar har mellom anna peika på at forventningar til jenter og gutar er særs ulike.

– At jenter og gutar blir oppdratt ulikt er det ingen tvil om, seier Birkelund.

Ei undersøking frå februar syna at foreldre sjeldan tilrår døtrene sine å velje yrkesfag.

Fire jenter byggjer bybane i Bergen

BYGGJER BYBANE: Kristiane Kvamme (fremst) er lærling i betongfaget og arbeider saman med tre andre kvinner på byggjeplassen til det nye bybanestoppet på Haukeland i Bergen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Jenter veit ofte kva dei vil

I fjor slo også Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule seg saman. Av vel 400 elevane er 14 prosent jenter.

Det er særleg brønnteknikk og kjemiprosess- og laboratoriefag som trekker jentene.

– Vi ser at det jamt over kjem fleire jenter til oss. Ofte er jenter teoretisk sterke, dei er målbevisste og dei veit ofte kva dei vil. Det er betre for klassemiljøet og for arbeidsplassen med ei jamnare fordeling, seier Geir Jacobsen, som er faglærar i teknologi- og industrifag.

Jacobsen meiner Noreg kan vere eit føregangsland på området om vi fortel andre historier.

– Vi må fortelje at yrkesfag også er lagt til rette for jenter, seier han.

For Gaby Nordeide Carlsen var det ikkje gitt at ho skulle bli byggfagarbeidar. Eigentleg gjekk ho på studiespesialisering.

– Så fann eg ut at eg ikkje hadde lyst å studere likevel. Eg blei inspirert av nokre venninner som gjekk bygg, seier ho.

Kvinner i bygg. Marie Bygstad Vie og Gaby Nordeide Carlsen (f.v.)

LÆRLING: For lærling Gaby Nordeide Carlsen (t.h) var det venninner som gjekk på bygglina som gjorde at ho såg byggbransjen kunne vere ei moglegheit også for ho.

Foto: Arne Stubhaug / NRK