Hopp til innhold

Berre ein av ti rår døtrene til å gjera som desse: – Jobben passar veldig bra for jenter

Berre 6 prosent av søkarane til bygg- og anleggsteknikk siste åra har vore jenter. Ny undersøking syner at foreldra er ein del av problemet.

Fire jenter byggjer bybane i Bergen

BYGGJER BYBANE: Kristiane Kvamme (fremst) er lærling i betongfaget og arbeider saman med tre andre kvinner på byggjeplassen til det nye bybanestoppet på Haukeland i Bergen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Innan måndag skal tiandeklassingar over heile landet bestemme seg for kva dei skal gjera dei neste åra. Då går nemleg søknadsfristen til vidaregåande opplæring ut.

Framleis er det få jenter som vel bygg- og anleggsfag, eller andre yrkesfag. Ei ny undersøking syner at foreldre kan vere noko av forklaringa.

I undersøkinga som Opinion har gjort for Veidekke, er foreldre mellom anna spurde om kor sannsynleg det er at «du kjem til å anbefale yrkesfagleg utdanning innan bygg- og anlegg til ditt barn?»

Medan ein av fire foreldre vil råda sonen sin til å velja yrkesfag, er det berre ein av ti som vil gi det same rådet til dottera.

Det forstår betonglærling Kristiane Kvamme lite av.

– Mine foreldre var veldig oppmuntrande og støttande i valet mitt. Far min er også byggingeniør, så han veit kva det går i, seier Kvamme til NRK.

Trivst på jobb

Ho går eit TAF-løp, og vil bli byggingeniør. Sjølv meiner ho fleire jenter burde gå bygg- og anlegg.

For tida arbeider ho i Veidekke saman med tre andre kvinner på byggjeplassen til det nye bybanestoppet ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

– Eg trivst veldig godt og har det gøy på jobb. Det passar veldig bra for jenter, og eg håpar fleire kan velja det framover, seier ho.

I undersøkinga kjem det også fram at mange foreldre meiner det er mykje fysisk tunge arbeidsplassar i bygg- og anleggsbransjen.

– Eg føler ikkje det er for hardt fysisk. Ein løftar ikkje meir enn ein klarar. Det er mogeleg å gjera alle arbeidsoppgåvene. Det er tilrettelagt også for jenter, seier Kvamme.

Hjå Veidekke i Bergen er nesten halvparten av lærlingane jenter.

– Eg er veldig glad for det. I byrjinga var det tøft å berre jobba med gutar. Men etter nokre år saknar ein nokon å identifisera seg meir med, seier forskalingssnekker gjennom 17 år, Anne Sivertsen.

Anne Sivertsen er forskalingssnekker i Veidekke

17 ÅR I BRANSJEN: Anne Sivertsen er forskalingssnekker i Veidekke. Ho har vore forskalingssnekker i snart 17 år.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Like tungt på sjukeheim

Også Sivertsen er ueinig i at byggjebransjen ikkje er noko for kvinner.

– Det er som om foreldra har gjort seg opp meiningar om kva dette yrket er, som det ikkje er i det heile. Det er eit veldig godt miljø, og ein held seg i form, seier ho.

Likevel er det ikkje så lett til å få jentene til å søkja.

– Me har nok som firma og bransje ikkje vore flinke nok til å visa dei gode eksempla som finst i bedrifta, seier Erlend Bygnes, distriktsleiar i Veidekke.

Han er oppteken av at dei som har lyst til det følgjer motivasjonen sin, og byrjar i bransjen.

– Det er like tungt å arbeida på ein sjukeheim som på ein byggjeplass. Det blir kanskje laga ein del førestillingar som ikkje er sanne.

Erlend Bygnes, distriktsleiar i Veidekke

IKKJE LETT Å FÅ JENTENE TIL Å SØKJA: Erlend Bygnes er distriktsleiar i Veidekke. Han er oppteken av at dei som har lyst til det følgjer motivasjonen sin, og byrjar i bransjen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Få anbefaler yrkesfag

I undersøkinga kjem det også fram at halvparten av foreldra til dei som har søner anbefaler dei å gå yrkesfag. Berre 36 prosent av dei som har døtrer, gjer det same.

– Mange foreldre er nok ikkje tilstrekkeleg oppdaterte om mogelegheitene som finst innanfor yrkesfaga, seier fungerande regiondirektør Grete Karin Berg i NHO.

– Me meiner det er på tide at både dei unge sjølv, foreldre og ikkje minst karriererettleiarar får augo opp for desse mogelegheitene, seier Berg.