Hopp til innhold

No er det førstemann til mølla om du vil på julegudsteneste

I år vil berre dei raskaste få plass i kyrkja på julaftan. Samstundes ber biskopar styresmaktene om lov til å ta inn fleire.

Julen synges inn i Trømborg kirke

FÆRRE FÅR DELTA: Stappfulle kyrkjer er eit vanleg syn julaftan. Koronapandemien gjer at færre får delta på dei tradisjonelle julegudstenestene i år. Her frå ei gudsteneste i Trømborg kirke.

Foto: Glenn Thomas Nilsen

I kyrkjene i Stad kommune kan det kome mange hundre personar berre i ei kyrkje julaftan. I år blir det annleis. Koronapandemien set eit makstal på 50 og nokre stader i Stad er kyrkjene så små at talet er nede i 25 eller 30 personar.

Som andre stader har dei valt elektronisk påmelding til julegudstenestene i år.

– Det er for å unngå at det kjem folk til kyrkje som må snu. Då er det betre at dei melder seg på i forkant, seier Marta Elvebakke, sekretær ved Stad kyrkjekontor.

Det var Fjordabladet som først omtala ordninga i Stad.

Marta Elvebakke er sekretær i Eid kyrkje.

TRIST: – Vi som arbeider i kyrkja synest det er trist at vi ikkje kan ha eit tilbod til fleire i år, seier Marta Elvebakke ved Stad kyrkjekontor.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Biskop ber om juleamnesti

For mange er det å gå til kyrkje julaftan ein viktig tradisjon. I fjor deltok heile 539.647 nordmenn i julegudsteneste.

No ber biskopar både i den katolske kyrkja og den norske kyrkja om at nasjonale og lokale styresmakter revurderer grensa på 50 personar for kyrkjene.

– Messene i julehøgtida betyr så mykje for så mange truande, seier biskop Bernt Eidsvig i Oslo katolske bispedøme.

Han ber byråda i Oslo og Bergen om å vurdere eit juleamnesti.

– Så skal vi gjere alt for at alle smittevernreglar blir følgde i kyrkjene.

I eit lesarinnlegg i Bergens Tidende spør Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug kvifor regjeringa er «meir glad i kinoen enn i kyrkja»,

– Det verker både urimeleg og uforståeleg at vi i kyrkja berre får ta imot 50, men langt mindre lokale, som ein kinosal eller eit konsertlokale, blir opna for 200 berre fordi folk der sit i enkle seter med armlene, skriv Nordhaug.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug

VIL HA FLEIRE INN I KYRKJA: Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug meiner det er urimeleg at ikkje kyrkja får ta inn meir enn 50 personar, når det er lov på kinoar og i konsertlokale der seta er fastmonterte.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Opnar for kyrkjevandringar

Regjeringa opna nyleg for at kyrkjevandringar kan vere eit alternativ til tradisjonell julegudsteneste.

I kyrkjer som er store nok kan dei besøkjande gå gjennom kyrkja og oppleve salmesong og opplesing, skriv Vårt Land. Dette vil gjere det mogleg for fleire å sleppe inn i kyrkja.

– Vi ønsker å legge til rette for fleksible arrangement i kyrkjene, og då særleg på julaftan, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til Vårt Land.

Nokre stader blir det arrangert utegudstenester, då er det rom for at 200 personar kan delta. Dette blir gjort mellom anna på byfjellet Aksla i Ålesund, fortel Sunnmørsposten.

Strøymer gudsteneste

I fleire kyrkjer går dei no for førstemann til mølla-prinsippet, i tillegg til nokre avsette plassar.

Audun Mundal

STRØYMER GUDSTENESTER: I Gloppen er strøyming via nett ein alternativ måte å få med seg gudstenestene på for dei som ikkje får plass i kyrkja, fortel kyrkjeverje Audun Mundal.

Foto: PRIVAT

Nokre av gudstenestene vil dessutan bli strøyma på nett, så alle som vil kan få dei med seg. Det blir løysinga i mellom anna Gloppen.

– Vi har valt å strøyme julegudstenestene på julaftan og 1. juledag fordi det er avgrensingar på kor mange vi kan ha inne i kyrkja, fortel kyrkjeverje Audun Mundal.

Der var det ikkje eit alternativ å arrangere fleire gudstenester.

– Mange hundre er innom kyrkja i jula, og sjølv om vi hadde arrangert fleire hadde vi ikkje fått inn alle likevel, seier han.

Mundal seier at det også i kyrkja har vore eit spesielt år.

– Vi synest det er forferdeleg trasig at alle ikkje kan få besøke oss i jula. Det er då veldig mange går i kyrkja, fordi ein gjerne ikkje har tid elles.

Kan bli stussleg

I Bergen opna fleire kyrkjer påmeldinga tysdag kl. 12.

I tillegg til elektronisk påmelding, er det både i Stad, Gloppen og Bergen sett av nokre få plassar til folk som ikkje kan melde seg på via nett. For mange er det viktig å gå til gudsteneste i jula.

– Eg trur det kan bli stussleg for mange. Å gå til kyrkje er det essensielle i tradisjonen og trua vår, seier Marta Elvebakke i Stad.

Dei opna påmeldinga måndag, og ho seier det hastar å melde seg på for dei som ønskjer å delta.

– Vi som arbeider i kyrkja synest det er trist at vi ikkje kan ha eit tilbod til fleire i år.