Hopp til innhold

NLF vil ikkje meine noko om E39

Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane vil ikkje ta stilling til kor E39 bør gå gjennom Nordfjord i framtida. Det viktigaste for dei er at ein kjem i gang med vegbygginga.

Per Andreas Øren

START BYGGING: Per Andreas Øren og Lastebileigarforbundet i fylket er lei all praten og håpar vegbygginga kan ta til snarast råd.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det som er viktig for oss no er ein startar å byggje vegen. Eigentleg uansett trase. Begynn å bygg veg og ikkje berre prat.

Det er den klare oppmodinga frå fylkesleiar i forbundet, Per Andreas Øren.

Omstridd forslag

Vegvesenet føreslo i haust at E39 i framtida bør gå via Stryn. Debatten har sidan rasa og medan fylkesrådmannen støttar opp om forslaget har mellom anna Gloppen og Eid gått inn for det såkalla midtre alternativet via Anda-Lote.

I neste veke skal fylkespolitikarane kome med ei tilråding i saka. Dei ulike partigruppene er delte i saka, men også andre organisasjonar har blitt teke med på høyringsrunden.

– Det viktigaste er at ein byggjer veg

Lastebileigarforbundet er ein av organisasjonane som har fått vere med på rådslaget. I forkant av møtet tysdag der styret diskuterte saka hadde dei sendt saka ut til medlemmane. Men berre ein tredel svarte.

– Vi fekk dessverre ikkje tilbakemelding frå så veldig mange, seier Øren.

Styret fall difor ned på at dei ikkje vil meine noko om trasevalet. Det aller viktigaste for lastebileigarane er at ein set i gang med vegbygginga så fort som i det heile mogleg.

– Det er masse spørsmål om desse store bruene som skal setjast opp, men vi er interesserte i å få veg i staden for bru. Det for så vidt ikkje noko spørsmål for oss kor vegen skal gå, berre det kjem ein veg, seier Øren.

Transportnæringa delt i synet

NRK fekk tidlegare denne veka ein e-post frå ei rekkje transportbedrifter i Nordfjord. Desse selskapa vil at E39 i framtida skal gå via Anda-Lote.

Dei som hadde skrive under brevet var: Olsen Transport, Ronny Vik Transport, Odd Arne Humborstad, Nygård Transport, Myrold og Rød Transport, T. Larsen Transport, Rolf Morten Løviknes, Ortra Transport og Naustdal Transport.

Tidlegare har NRK fortald at Thor Tenden Transport i Stryn og Slinde Transport i Sogn jublar over Vegvesenet si innstilling om at E39 skal gå via Stryn.