Hopp til innhold

Hareide vil ikkje avskrive alternativet med E39 via Anda-Lote

Leiar Knut Arild Hareide (KrF) i Transportkomitéen på Stortinget er på kollisjonskurs med fleire når han opnar for at E39 i framtida skal gå via Anda-Lote og Kvivsvegen.

Knut Arild Hareide - E39

VIL IKKJE AVSKRIVE: Knut Arild Hareide vil per no ikkje utelukke at E39 også i framtida vil gå via Anda-Lote - det midtre alternativet.

Foto: montasje/Statens vegvesen/Scanpix

Både Vegvesenet og fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane går nemleg inn for at stamvegen gjennom fylket i framtida skal gå via Stryn.

Den mektige samferdslepolitikaren vil derimot ikkje avskrive alternativet der vegen går via Anda-Lote og Kvivsvegen. Han syner til at den regionale nytten for Nordfjord er eit viktig argument.

Anda-Lote eller Stryn?

I slutten av november la Statens vegvesen fram sine planar for ny trase for E39 gjennom Nordfjord. Dei meiner det billigaste og beste alternativet er ein veg som går via Stryn.

Alternativet inneber ein tunnel under Utvikfjellet frå Byrkjelo til Utvik, så ein kort tunnel frå Innvik gjennom Hildahalsen til Frøholm. Derifrå skal det vere bru over fjorden til Svarstad før vegen går vidare til Grodås og inn på Kvivsvegen over til Sunnmøre.

Men fleire sentrale fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane har ikkje hatt veldig sansen for forslaget. Det sjølv om Vegvesenet argumenterer med at E39 via Stryn vil vere både det billegaste alternativet og det som fører til kortast reisetid. Fylkesrådmann Jan Øhlckers er derimot samd med Vegvesenet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anda-Lote

FJORDKRYSSING: Det er fleire som ønskjer at E39 også i framtida skal krysse Nordfjorden via Anda-Lote, slik den i dag gjer med ferje.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Viktig å vurdere den regionale nytten

Statens vegvesen og fylkesrådmannen har altså ikkje lyst på stamveg via Anda-Lote, og vidare langs Hornindalsvatnet til Kvivsvegen – det såkalla S-alternativet. Ei viktig årsak er at dette mellom anna vil bety lengre reisetid enn dersom ein let vegen gå via Stryn.

Men Knut Arild Hareide som er leiar i Transportkomitéen er på seie side ikkje villig til å forkaste denne løysinga.

– Den regionale nytten for Nordfjord er noko eg trur vil vere viktig når Stortinget skal ta seie endelege avgjerd, seier Hareide.

Men er ikkje kortast reisetid det viktigaste for ein stamveg?

– Det er eit av elementa som bør takast med, men samtidig er det slik at store regionar med store befolkningsgrupper også er naturleg å ta med, seier Hareide.

– Tilrådinga frå fylkespolitikarane blir viktig

Ottar Befring frå Stardalen i Jølster er tidlegare Fylkesmann i Møre og Romsdal. Han er av ei heilt anna oppfatning enn Hareide.

– Det beste og viktigaste er å få ein rask ferjefri veg mellom Trondheim og Kristiansand. Då er det den indre løysinga via Stryn som er best, seier Befring.

Hareide seier den betente saka, som i løpet av dei siste månadene har skapt mykje diskusjon, vil bli avgjort på vårparten neste år. I slutten av januar skal Fylkestinget i Sogn og Fjordane kome med sitt innspel.

– Den tilrådinga kjem til å vere veldig viktig, seier Hareide.