Hopp til innhold

Fleire parti let representantane stemme som dei vil - fryktar splitting

Fleire av dei politiske partia vil la representantane sine stemme som dei vil når Fylkestinget skal handsame den omstridde saka om ny E39.

Skei - Volda, vegvesenet sitt forslag til E39

STRID: Kor skal E39 gå gjennom Nordfjord i framtida? Det spørsmålet fører til strid og splittelse både blant folket og politikarane i Sogn og Fjordane.

Foto: Statens vegvesen

Vegvesenet vil at E39 i framtida skal gå via Stryn, medan fleire av fylkespolitikarane talar dei midt i mot og vil heller at vegen skal gå via Anda-Lote. Fylkesrådmannen på si side har gått inn for stamvegtrase via Stryn og det er stor spenning til kva innstilling fylkespolitikarane kjem fram til.

Saka er svært omstridd, og fleire parti seier no at dei vil fristille representantane sine. Det vil seie at kvar representant kan gå for den løysinga dei vil.

Blant partia som vil gje kvar representant høve til å velje mellom Stryn og Anda-Lote, er Framstegspartiet. Gruppeleiar i Frp, Frank Willy Djuvik trur samtidig at det vil splitte Fylkestinget.

– Eg har jo ein mistanke om at det kan bli ein splitting, noko som igjen fører til at vi ikkje får til eit veldig klart vedtak, seier Djuvik til NRK.no.

Omstridd forslag frå Vegvesenet

Det er mykje som tyder på at Fylkestinget i Sogn og Fjordane ikkje klarar å samle seg bak eit felles vedtak i den vanskelege E39-saka. I dag kryssar stamvegen Nordfjorden med ferje på sambandet Anda-Lote.

Men for framtida meiner Statens vegvesen at vegen bør gå i tunnel under Utvikfjellet og deretter ei hengebru over Nordfjorden ved Svarstad i Stryn kommune. Dette vil vere eit langt billegare alternativ enn å krysse Nordfjorden med bru der ferja går i dag.

Fleire av fylkespolitikarane har allereie sagt at dei meiner vegen bør gå der den gjer i dag, altså via Anda-Lote. Både Noralv Distad (H), Nils P. Støyva (Ap) og Jenny Følling (Sp) meiner alle at E39 bør krysse Nordfjorden via Anda-Lote.

– Ei splitting kan svekke vedtaket

Dersom ikkje politikarane i Sogn og Fjordane klarar å samle seg om eit felles vedtak, vil det kunne svekke innstillinga, trur Djuvik.

For eit splitta ting vil gjere vedtaket frå Fylkestinget lettare å oversjå når Stortinget skal gjere det endelege vedtaket, meiner Frp-politikaren.

– Ja, det er ikkje tvil, og dette kjenner vi att frå andre saker der det er stor splitting. Vi har fleire gonger opplevd at sentrale styresmakter tek andre vedtak enn det som blir fatta i fylkestinget og andre forvaltningsorgan i saker som er splitta, seier Djuvik.

– Vi må halde det vi lovar

I tillegg til Framstegspartiet vil også Venstre fristille sine representantar når saka skal handsamast. Arbeidarpartiet, Høgre og SV har til no ikkje teke stilling til om dei skal svinge partipisken, medan KrF og Senterpartiet vil at sine representantar skal stemme samla.

For KrF sin del betyr det at dei går for E39 med bru mellom Anda-Lote, fortel fylkesleiar Trude Brosvik.

– Vi skal ha ei ordentleg runde i både gruppa og partiet. Men vi har gitt nokre løfte til veljarane for berre nokre månader sidan, og då skal vi ha ein god grunn dersom vi skal meine noko anna no, seier Brosvik.