Vegvesenet la i dag fram forslaget sitt til nye trasé for E39.
Billigast
Vegvesenet sitt forslag er å leggja vegen i ein ny tunnel under Utvikfjellet og byggja ei ny hengebru over Nordfjorden ved Svarstad i Stryn kommune.
Kvivsvegen med tunnel og bru i Stryn er det billigaste alternativet meiner Statens vegvesen. Utrekningane deira syner at dette alternativet vil koste 4,5 milliardar kroner.
Alternativet er i fylgje vegvesenet to milliardar kroner billigare enn ei bru mellom Anda–Lote.
- LES OGSÅ:
Reisetida via Stigedalen og med ei bru over Anda–Lote er likevel noko kortare enn alternativet via Stryn, syner tala frå Vegvesenet.
Ny hengebru
Første byggjesteg vil vera å fullføra Olden–Innvik og tunnel under Utvikfjellet.
Vidare vil vegvesenet ha ei ny hengebru over fjorden over til Svarstad
(Artikkelen held fram under kartet)
– Det kjem best ut når det gjeld samfunnsøkonomiske verknader, seier Kjell Kvåle, prosjektleiar for konseptvalutgreiinga (KVU) Skei-Ålesund.
– Konseptet vil gi ei alternativ rute aust-vest i periodar med stengt veg om vinteren på Strynefjellet, seier Kvåle
Fire minutt kortare - to mrd billigare
Vegen via Stryn vil vera om lag fire minutt kortare reisetid enn ei ferjefri Anda–Lote.
Andre byggesteg bør vera tunnel Kjøs–Grodås. Denne inngår i den langsiktige løysinga, og vil vera særleg nyttig for tungtransporten.
Tredje byggesteg bør vera bru ved Svarstad og tilstøytande veg/tunnel i nord og sør, skriv Vegvesenet på sine heimesider.
Eit av forslaga vegvesenet har forkasta kombinerer Kvivsvegen med bru over Anda – Lote. I fylgje vegvesenet blir dette alternativet vesentleg lenger og d enn dei andre alternativa, og reisetida vert om lag 20 minutt lenger.
Høyring
Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa understreka på framlegginga av rapporten frå Statens vegvesen i Ørsta at dette er eit forslag og eit fagleg råd.
Saka skal ut på høyring og høyringsfristen er sett til 1. februar.
- LES OGSÅ: