Hopp til innhold

NFF vurderer å avlyse sesongen for breiddefotballen: – Ei lita katastrofe

Over heile landet ventar 50.000 fotballspelarar på dommen. Dersom ikkje regjeringa opnar opp for resten av breiddefotballen no, så blir sesongen avlyst, trur fotballpresidenten.

Leiar Per Øivind Storevik i Førde fotball.

HASTAR: Leiar i Førde fotball, Per Øyvind Storvik, fryktar for økonomi og rekruttering dersom ikkje breiddefotballen kjem i gang igjen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– For fotballen er det ei lita katastrofe at me ikkje får komme i gang, seier dagleg leiar Per Øivind Storevik i Førde fotball.

Førde Idrettslag i Sogn og Fjordane er ein av dei største breiddeklubbane i landet, og mange spelarar ventar no på svar om det blir noko av sesongen.

No har Fotballforbundet skrive brev til regjeringa, der dei ber om svar så snart som råd.

– Det vert krevjande. For å få til dette må me få grønt lys for å byrje med kontakttrening no i september, seier fotballpresident Terje Svendsen.

Får dei ikkje grønt lys innan 15. september, er sesongen for nærare 50.000 spelarar truleg over.

Dette er spelarar frå 3. divisjon for menn og 2. divisjon for kvinner og heilt ned til dei lågaste divisjonane på seniornivå.

Etter møte med regjeringa tidleg i august blei fotballforbundet bedt om å lage ein plan for gjenopning av breiddefotballen.

Idretten i møte med Raja om åpning av idretten. F.v. Abid Raja, Berit Kjøll og Terje Svendsen.

TOPPMØTE I MAI: F.v. Kulturminister Abid Raja, idrettspresident Berit Kjøll og fotballpresident Terje Svendsen i mai.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Må få grønt lys

Men med kravet om minimum to veker kontakttrening før seriespel, gjer det at det tidlegast vil verte fotballstart i byrjinga av oktober.

For å få til ein eventuell oktober-start, har fotballforbundet laga forslag til korleis dei kan få gjennomført kampar i dei lågare divisjonane, mellom anna med å dela opp i kortreiste puljar.

Regjeringa har varsla ein ny status den 15. september. Dette er absolutt siste frist dersom sesongen for dei lågare divisjonane ikkje skal verte avlyst, meiner fotballforbundet.

– Med dei klimatiske forholda me har i Noreg så må me i gang med seriespel seinast i byrjinga av oktober, seier fotballpresidenten.

Bekymra

For store breiddeklubbar som Førde IL, kan det fort få alvorlege økonomiske og sportslege konsekvensar dersom sesongen vert avlyst, ifølgje sportsleg leiar Per Øyvind Storvik.

Han er redd klubben no vil oppleve ein spelarflukt fordi mange no mistar motivasjonen til å drive med fotball.

I tillegg er den økonomiske situasjonen vanskeleg å spå.

– Me mistar jo ein del i treningskontingent, til dømes. Der går me allereie 500.000 i minus i forhold til budsjett, seier Storvik.

Kryssar fingrane

Enn så lenge er ingenting avgjort. No ventar klubbane og NFF i spaning på regjeringa sitt neste trekk.

– Me har jo lagt systemet slik at me skal kunne klare å spele kampar utan å risikere smitte. Får me grønt lys, er det berre å køyre på, seier Storevik.

Fotballpresident Svendsen meiner dei i alle fall har argumenta på si side.

– Det har ikkje vore eit einaste smittetilfelle i toppfotballen, så me håpar dette går, seier han.