Hopp til innhold

Kristin bytte til bokmål for å unngå konkurs

Den Voss-baserte nettbutikken Flor byter målform frå nynorsk til bokmål. Dagleg leiar Kristin Lemme meiner nettbutikkar på nynorsk hamnar lenger ned i listene til Google enn dei på bokmål.

Kristin Lemme i nettbutikken Florworks.

ARBEIDSKLEDE: På nettbutikken Florworks.no sel Kristin Lemme arbeidsklede for kvinner.

Foto: Arne Hofseth

Endring (14.01 12:21): I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at butikken til Ivar Aasen-tunet har lagt ned. Det stemmer ikkje.

– Eg trur jo me tapar litt identitet. Me har jo stått veldig støtt i nynorsken og vore stolte av språket vårt, seier Kristin Lemme.

I to år har ho selt arbeidsklede for kvinner på nettet. Det var ikkje spørsmål for Lemme kva målform butikken skulle ha.

– Me er frå Voss og har skrive nynorsk heile livet. Det var heilt naturleg for oss.

Men no har dei i staden byrja å skriva bokmål på nettstaden. Valet var anten å gå konkurs, eller å byta målform.

Dei oppdaga at dei ikkje kom høgt nok opp på trefflistene på Google.

– Problemet var at alt var på nynorsk. Ingen googlar «klede». Dei googlar «klær», seier Lemme.

Etter å ha gått over til bokmål, har kledegründeren på Voss allereie fått fleire besøk.

– Me har rykka fleire hakk oppover på listene, seier Lemme.

Kristin Lemme i Florworks rettar på ei bukse.

NYNORSKBRUKAR: Kristin Lemme har skrive nynorsk heile livet. Men no vel ho å byta målform i nettbutikken hennar.

Foto: Arne Hofseth / Arne Hofseth

– Tydeleg at det ikkje fungerer

At nettbutikken på Voss har valt å byta målform, overraskar ikkje ekspertane.

– Google er definitivt den viktigaste staden å treffa kundane. Då må ein må vera der. Google forstår ikkje nynorsk, seier Patrick Dahl, dagleg leiar i webselskapet Digitroll.

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, meiner Google burde endra systemet sitt.

– Det er heilt tydeleg at dette ikkje fungerer. Her er det strukturar som gjer det vanskeleg å bruka mindretalsspråket nynorsk, seier han.

Hauge meiner Google burde ordna opp i dette, og få på plass ein algoritme som likestiller nynorsk og bokmål.

Han fryktar at fleire ufrivillig vel å bruka bokmål, fordi det er lettare.

– Alle språkbrukarar er avhengige av å sjå, møta og kunna bruka språket sitt på alle område, seier Hauge.

– Vi jobbar for å bli betre

Google har førebels ikkje kunna stille til intervju med NRK om denne saka.

Men i ein skriftleg kommentar torsdag kveld, seier fungerande kommunikasjonssjef Andrea Lewis Åkerman at Google jobbar kontinuerleg med å forbetre systema sine.

– Systema våre er ikkje perfekte. Vi gjer tusenvis av forbetringar i Google Søk kvart år, men det vil aldri bli heilt perfekt.

Dei viser elles til eigne sider om korleis algoritmane deira verkar.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag

FUNGERER IKKJE: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, meiner Google bør endra algoritmane s

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK