Hopp til innhold

Nesten alle vil ha betre kollektivtilbod, men halvparten nektar å la bilen stå

BERGEN SENTRUM (NRK): Ny, stor klimaundersøking i Bergen syner at nesten alle vil ha betre kollektivtilbod. Likevel seier halvparten nei til å kutte i bilkøyringa.

Brita Breck og dottera Johanna Maria Breck Einarsen parkerar på taket av Bystasjonen i Bergen

PARKERT: Brita Breck (t.h) og dottera Johanna Maria Breck Einarsen (13) parkerer på taket av Bygarasjen i Bergen. Dei valde elbilen då dei skulle frå Bønes og inn til sentrum for ein tannlegetime.

Foto: Jon Bolstad / NRK

I Bergen har bompengesaka segla opp som ein av dei viktigaste sakene til kommunevalet til hausten.

Partiet Folkeaksjonen mot meir bompengar (FNB) har fossa fram på målingane, så mykje at maktjagande Høgre gjerne samarbeider med einsakspartiet.

Ei fersk undersøking frå klimaseksjonen i Bergen kommune syner likevel at bergensarane ikkje berre er opptekne av lågare prisar i bomringen:

  • Åtte av ti meiner det må satsast meir på kollektivtrafikken for å redusere behovet for bil i bergensområdet.
  • Nær sju av ti meiner det bør leggast betre til rette for gåande og syklande.
  • Seks av ti meiner trafikkbelastninga i Bergen generelt er for stor.
  • Nær sju av ti meiner arbeidet med klimamåla (ekstern lenke) vil gjere byen betre å bu i.

– Tydelege signal

Klimabyråd Julie Andersland (V) meiner undersøkinga fortel ei anna historie om befolkninga i byen enn den som kjem fram i bompengeopprøret.

– Fleirtalet meiner at det er viktig at vi jobbar med å redusere utsleppa og at dette vil gjera Bergen til ein betre by å bu i. Det er eit tydeleg signal, seier Andersland.

Ho tykkjer det er interessant å sjå svara frå dei som er under 30 år.

– Det ser ut til å vera enno viktigare for dei at vi reduserer utslepp og jobbar for å finne miljøvenlege løysingar. Dei signala må vi ta på alvor for å ta vare på byen vår.

Byrådet i Bergen. Julie Andersland

KLIMABYRÅD: Julie Andersland i Venstre.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Men få vil la bilen stå

Men i den same undersøkinga svarar fem av ti at det er lite sannsynleg eller heilt usannsynleg at dei vil køyre bil sjeldnare, for at Bergen kommune skal nå klimamåla.

64 prosent er også kritiske til prisnivået i bompengeringen og meiner det er for høgt.

– Ein kan godt kalle det eit paradoks, vedgår Andersland.

– Men vi ser i slike undersøkingar at det kanskje er vanskelegast å gjera noko med vanane våre. Der har vi politikarar eit ansvar for å gjera det lettare.

Parkerte bilar på taket av Bygarasjen i Bergen

GLADE I BIL: Klimaundersøkinga syner at bergensarane er glade i bilen. Halvparten vil fortsette å køyre bil, sjølv om kollektivtilbodet vert betre. Her takparkeringa på Bygarasjen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tid og pengar

– Vi måtte bruke bilen. Elles hadde vi ikkje rokke tannlegetimen hennar, seier Brita Breck.

Ho og dottera Johanna Maria Breck Einarsen (13) har nettopp sett frå seg bilen på parkeringsplassen på taket av Bystasjonen i Bergen. Nokre etasjar under oss stoggar både Bybanen og ein haug med busslinjer.

Likevel er det nesten fullt på parkeringsplassen. Dei bilistane NRK møter, er der i jobbsamanheng, skal ta røntgen, eller ete lunsj med venninner.

Nokre svarar at dei ikkje var nøydde til å ta bilen i dag, men at tidsbruken er avgjerande for om ein får kvardagen til å gå opp. For nokre familiar handlar det også om økonomi.

– Det er dyrt med kollektivtrafikk. Min mann har månadskort på bussen, men det ville vore billegare for å han å køyre elbilen vår på jobb i Bergen sentrum, meiner Breck.

Kva bergensarane er villige til å gjera for nå klimamålene til byen

KVA EIN KAN GJERE SJØLV: Slik svarar bergensarane i Klimaundersøkinga på kva dei kan tenkje seg å gjera for å betre miljøet i byen.

Foto: Skjermdump / Bergen kommune

Krev større bidrag frå staten

Bompengane i Bergen finansierer bybane- og sykkelvegutbyggingar, samt utbygginga av ringveg aust. Lågare takstar vil gi mindre pengar til dette.

Dess fleire som let bilen stå, dess mindre inntekter blir det til å forbetra kollektivtilbodet.

Dagens byråd i Bergen har lenge kravd at staten må finansiera meir enn 50 prosent av bybaneutbygginga.