Høgre har bestemt seg – vil samarbeida med bompengepartiet i Bergen

BERGEN (NRK): Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB) har fossa fram på meiningsmålingane. No opnar Høgre døra på vidt gap for einsakspartiet.

Harald Victor Hove på valg-kickoff i Bergen for Høyre

VALKAMPSTART: Høgre sparka i gong valkampen i Bergen laurdag. Byrådsleiarkandidat Harald Victor Hove heldt appell til dei frammøtte.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Å samarbeida med aksjonsgrupper er ikkje det beste utgangspunktet for å utarbeida ein politikk for heile Bergen, sa Harald Victor Hove (H) til Bergens Tidende for litt over ein månad sidan.

Laurdag er det nye takter frå Høgre sin byrådsleiarkandidat.

Då Høgre i dag sparka i gong valkampen på ein utestad i Bergen sentrum, erklærte Hove at dei vil samarbeida med bompengelista (FNB).

– Det skal ikkje stå på oss. Vi inviterer FNB til å vere med å ta ansvar, sa Hove til dei frammøte.

Monica Mæland på valgkickoff for Bergen Høyre

– BERGEN ER VIKTIG: Også kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland var på plass i Bergen i dag for å mane til valkamp. Høgre har styrt byen i lange periodar før, og Mæland seier det er svært viktig å vinna Bergen tilbake.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Sjokkmålingar

Innføringa av ein ytre bomring har fått det til å koka i Bergen.

Ei meiningsmåling i BT skapte sjokkbølger tidlegare i april. Då oppnådde FNB ein oppslutnad på heile 16,9 prosent.

Dersom det var valresultatet, ville bompengelista få heile 11 representantar i bystyret. Det trengst 34 stemmer for å få fleirtal i bystyret i Bergen.

Bompengepartiet tek veljarar frå både Ap, Høgre og spesielt frå Frp. I Bergen i dag styrer Ap i samarbeid med Venstre og KrF.

Høgre ser no at dei etter valet fort må gå til FNB for å få fleirtal i bystyret, og for å få eit byrådsskifte i landets nest største by.

– Viss veljarane peikar på bompengar som den viktigaste saka, så må vi lytte til det. Vi kan ikkje avvise dei stemmene og seie eitt parti sine veljarar ikkje er gode nok. Vi set oss gjerne ved forhandlingsbordet med FNB etter valet, seier Hove.

Hærverk på ny bomstasjon ved Fisketorget

HÆRVERK: Nye bomstasjonar har sett sinna i kok hjå fleire i Bergen. Her blir skadane på stasjonen på Fisketorget undersøkt og reparert.

Foto: SIMON SKJELVIK BRANDSETH / NRK

To av tre krav

Førstekandidat i FNB, Trym Aafløy, har tidlegare sagt til NRK at han har tre absolutte krav til dei som vil samarbeida med bompengepartiet:

  • Fjerne dei nyleg oppsette 13 bommane i utkanten av Bergen, samt dei to inne i sentrum.
  • Redusera prisnivået i dei andre bomstasjonane.
  • Hindra at bybanetraseen til Åsane blir lagt over Bryggen i Bergen.

– Dei to siste krava er vi allereie samde om. Takstane må ned, innretninga får vi diskutere. Det første kravet må vi forhandle med staten om, om kva som skal vera framtida til bompengeringen i Bergen, seier Hove.

Trym Aafløy seier dei er positive til alle som er interesserte i å snakka med dei.

– Viss Høgre er villige til å skrote dei 15 bommane, så kan vi snakkast. Eg trur ikkje Hove blir byrådsleiar i Bergen utan oss. Så tydelege har målingane vore til no. Eg er spent på kva neste måling vil visa, men eg trur ikkje vi vil tape oppslutnad.

Trym Aafløy

FOSSAR FRAM: Førstekandidat Trym Aafløy i bompengepartiet i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Overraska

Arbeidarpartiet har tidlegare kravd eit tydeleg svar frå Høgre om korleis dei ser på eit samarbeid med bompengepartiet.

Det har dei fått i dag. Byrådsleiar i Bergen, Roger Valhammer (Ap), er noko overraska.

– Vi har heile vegen sagt at taket for bompengar i Bergen er nådd, men eg må sei eg undrar meg over korleis Høgre har tenkt å innfri ultimatuma til Aafløy. Det er dei krava som gjer at det ikkje er særleg aktuelt for oss å samarbeida med FNB.

Bompengane finansierer bybane- og sykkelvegutbyggingar, samt utbygginga av ringveg aust i Bergen. Med lågare takstar blir det mindre pengar til dette.

– Så politikken til Høgre heng ikkje saman. Hove får ta ein telefon til Erna Solberg og få ho til å betale for Bybanen. At staten tek rekninga er det einaste som kan gi lågare bompengar i Bergen, seier Valhammer.