NRK Meny
Normal

Skuffa, men ikkje overraska – knapt fleirtal sa nei til ønske frå Nessane

Innbyggarane på Nessane i Balestrand fekk ikkje fleirtal i kommunestyret for ønske om å byte kommune.

Gunn Linde (til venstre)

SKUFFA MEN IKKJE OVERRASKA: Gunn Linde (t.v.) følgde debatten om grensejustering i kommunestyret i Balestrand.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg er skuffa, men ikkje veldig overraska, seier Gunn Linde.

Tysdag kveld følgde ho debatten i kommunestyret Balestrand frå sidelina. Der var ønske frå innbyggarane på Nessane om overgang til Høyanger oppe til handsaming.

– Det er heldigvis ikkje kommunestyret i Balestrand som skal avgjere saka. No får vi berre stå på vidare og håpe at departementet vel å høyre på innbyggarane, seier Linde.

Med knappast mogleg margin

Med ni mot åtte røyster sa fleirtalet i kommunestyret at innbyggarane på Nessane ikkje får byte kommune.

– Det viser at det er eit splitta kommunestyre, og det er ikkje noko god sak for oss, seier ordførar Harald Offerdal (Ap).

Saman med Høgre og KrF sikra Arbeidarpartiet fleirtal for forslaget som sette bom for grensejustering

– Eg har full forståing for innbyggarane på Nessane og deira ynskje om å byte kommune. No har fleirtalet sagt at dei er uroa for kva som vil skje med resten av den nye kommunen, seier Offerdal.

Harald Offerdal (Ap), ordførar i Balestrand ( i midten)

FLEIRTAL: Ordførar Hardald Offerdal (Ap) var blant dei ni som røysta mot at Nessane skulle få byte kommune.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Frykta konsekvensane

Ei innbyggarundersøking frå Telemarksforsking syner at 98 % av dei som bur i Nessane er positive til å bli ein del av Høyanger kommune. I same rapport kjem det fram at Balestrand vil tape 6 millionar i årlege inntekter dersom Nessane byter kommune.

Offerdal seier at økonomi og næringsstruktur var noko av det som vog tyngst for fleirtalet

– Det å kunne ha ein balansert næringsstruktur er svært viktig også inn i den nye Sogndal kommune. Gjer ein noko med grensene no, så forsvinn det som er av næringsliv i Balestrand, seier Offerdal.

Paradoks

I Senterpartiet, som høyrde til mindretalet, meiner gruppeleiar Arnstein Menes at heile kommunestyreavgjerda er eit paradoks.

Arnstein menes i formannskapet i Balestrand

MINDRETALET: Arnstein Menes er gruppeleiar for Senterpartiet i kommunestyret i Balestrand.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Det er ikkje noko samanheng mellom argumentasjonen og den argumentasjonen som vart nytta då vi vart tvangssamanslått med Leikanger og Sogndal. Vi er eigentleg berre triste, seier Menes.

– Senterpartiet ville la Nessane bli ein del av Høyanger kommune, kvifor det?

– Folkeviljen er eintydig i området, og når vi først vart tvangssamanslegne med Leikanger og Sogndal, så blir avstandane for dei i den delen av kommunen for langt til tenestene som skal vere i nye Sogndal kommune, samanlikna Høyanger, seier Menes.

– Drita lei

Sjølv om kommunestyret tysdag kveld. men knappast mogleg fleirtal, gjekk i mot at Nessane skal få flytte til Høyanger, er Offerdal er langt frå overtydd om at Fylkesmannen kjem til same konklusjon.

– Det er eg ikkje sikker på. Eg trur nok at Fylkesmannen legg vekt på andre ting i tillegg, seier Offerdal.

Men etter å ha blitt tvangssamanslegen med Leikanger og Sogndal ser ikkje balestrandsordføraren lyst på å eventuelt vert overkøyrd av storsamfunnet nok ein gong.

– No er eg drita lei av å verta overkøyrd av storsamfunnet. Dei tok ambulansen vår. Dei tok lensmannen og tannlegen. Dei brukte tvang for å slå oss saman med Leikanger og Sogndal mot folkeviljen, og no deler dei oss. Storsamfunnet må tenke litt på korleis dei behandlar små kommunar som Balestrand, seier Offerdal.