Hopp til innhold

Nesse krins håpar kommunestyret vil gi slepp på dei

Tysdag samlast politikarane i Balestrand for å stemme over kva kommune dei meiner Nesse krins skal høyre til i framtida, Høyanger eller nye Sogndal kommune.

Balestrand - dronefoto

BALESTRAND: Frå 1. januar 2020 vil Balestrand vere ein del av nye Sogndal kommune. Nesse krins ligg heilt vest i kommunen og her ønskjer innbyggjarane å bli ein del av Høyanger.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Skal vi bu og leve i dette området må det vere kort veg til dei tenestene ein treng dagleg, som skule og barnehage, seier Gunn Linde. Ho bur i Nessane og har samla inn underskrifter i saka om grensejusteringa i Balestrand kommune.

Gunn Linde

FRÅ NESSANE: Gunn Linde håpar at kommunestyret vil gi slepp på Nessane krins.

Foto: Privat

Tysdag samlast politikarane i Balestrand for å stemme over kva kommune dei meiner Nesse krins skal høyre til i framtida, Høyanger eller nye Sogndal kommune.

– Eg håpar at dei folkevalde vil ta omsyn til innbyggarane sitt beste, seier Linde.

Det er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som skal komme ei tilråding i saka. Til slutt er det Kommunal- og moderniseringsdepartementet som skal ta ei endeleg avgjerd om grensejusteringa.

Forstår ikkje logikken til Fylkesmannen

Ei innbyggarundersøking frå Telemarksforsking syner at 98 % av dei som bur i Nessane er positive til å bli ein del av Høyanger kommune. I same rapport kjem det fram at Balestrand vil tape 6 millionar i årlege inntekter dersom Nessane byter kommune.

Harald Offerdal

BALESTRAND: Ordførar Harald Offerdal (Ap) seier dette er ein kjedeleg situasjon for kommunen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette er ei vanskeleg sak. På den eine sida har du ønskje frå innbyggarane på Nessane og på andre sida har du dei økonomiske konsekvensane av ei grensejustering, seier Harald Offerdal, ordførar i Balestrand kommune.

Han er ikkje nøgd med Fylkesmannen sin handsaming av saka.

– Det er ikkje noko kjekk situasjon å vere i. Eg forstår ikkje logikken til Fylkesmannen som i første omgang foreslår tvangssamanslåing og i neste omgang kanskje vil splitte opp kommunen, seier Offerdal.

Overraskande forslag

I forkant av kommunestyremøte har rådmannen lagt fram to alternativ til fråsegn. I begge desse er det føreslege at grensa for den nye kommunen skal gå ved Tusviktunnelen. Dette inneber at dei som bur på Sæle og Linde framleis vil høyre til Balestrand og nye Sogndal kommune.

– Dette overraska oss då vi høyrde om det. Folkeviljen er klar og dei som bur her er jo med i den statistikken som syner at vi ønskjer oss til Høyanger, seier Linde.

Just Olsen bur på Sæle. I eit brev til kommunen skriv han og fleire andre under på at dei ønskjer seg til Høyanger.

– Eg blir skuffa dersom grensa skal gå ved Tusviktunnelen. Når denne endringa først kjem så er det mykje betre og enklare å høyre til Høyanger, seier Olsen.

I brevet skriv dei at dei har hamna i skvis mellom Nesse Grendelag sitt forslag og kommuneadministrasjonen sitt, og ønskjer å gjere det klart at dei vil til Høyanger.

Kommunestyret i Balestrand sin endelege fråsegn i saka vil vere klar etter kommunestyremøte tysdag.