Hopp til innhold

Nerver på den raude løparen før Spellemann

STAVANGER (NRK): Dei nominerte musikarane frå Sogn og Fjordane er fulle i nervar før utdelinga av Spellemannsprisen i Stavanger konserthus i kveld.

Thea Hjelmeland på den raude løparen

KJOLEFIN: Thea Hjelmeland og Vilde Jensen Hjetland vart ferdig med kjolen til Spellemannsutdelinga i kveld.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Nominerte, publikum og bransjefolk strøymer no inn i det flotte kulturhuset ved sjøkanten midt i Stavanger. Tre av dei fire nominerte frå Sogn og Fjordane er no på plass.


–Eg gler meg noko heilt enormt til i kveld. Dette har eg drøymt om sidan eg var born. No har vi hatt generalprøve, og eg kosar meg veldig. Sjølv om det sjølvsagt er masse nervar som skal haldast i sjakk også, men dette er berre spennande å få vere med på, seier Thea Hjelmeland på den raude løparen framfor inngangen til Spellemann 2014.

Kjolen til Thea vart ferdig

Ho har nytta natta til å sy kjole til festkvelden. Den vil TV-sjåarane få sjå uansett om det blir pris eller ikkje til Thea Hjelmeland. Ho skal nemleg framføre låten "Feathery" under sjølve utdelinga.

– Kjolen er no ferdig, og har delvis blitt limt på meg backstage, så no skal det meste vere klart. Vi sydde kjole til klokka 05 i dag tidleg, seier Hjelmeland som er tydeleg spent på kvelden.

Karl Seglem på den raude løparen

SPENTE: Ellen Aslaksen, Karl Seglem, Håkon Høgemo og Lars Jakob Ridjord på veg inn den raude løparen før Spellemannsprisen.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Kan få to Spellemenn

Thea Hjelmeland frå Førde kan bli tildelt Spellemannspris for plata "Solar Plexus", både i klassa for "Indie" og som beste tekstforfattar. I kampen om tittelen som beste tekstforfattar konkurrerer Hjelmeland saman med Highasakite, Marit Larsen, Siri Nilsen og Sondre Lerche. I kategorien "Indie", er Bendik, Dark Times, Thea & The Wild med i kampen.

Nervane under kontroll

Også saksofonisten Karl Seglem kan stikke av med ein pris, i kategorien "jazz" med albumet "Som Spor." Han kjempar om prisen saman med "In The Country, Solveig Slettahjell, Bugge Wesseltoft, Knut Reiersrud", Jan Gunnar Hoff, Marius Neset/Trondheim JazzOrchestra og Ola Kvernberg.

Eg gler meg noko enormt. Dette blir ein veldig spennande og stor kveld, seier Karl Seglem på veg oppover den raude løparen.

Han har gjort klar takketalen dersom han skulle vinne ein pris i kveld, og har så langt nervane under kontroll.

Fylket kan ta fem prisar

Den yngste av artistane frå Sogn og Fjordane som kan få ein Spellemannspris i kveld er Martin Tungevaag frå Stad. Han kjempar om ein pris for beste låt, saman med Emilia for songen "Samsara 2015". Arve Henriksen frå Stryn er også nominert i "Open klasse" for albumet "Fly North." Henriksen er på turne i utlandet, og kan difor ikkje vere i Stavanger i kveld. Totalt er det fem prisar artistar frå Sogn og Fjordane kan hente med seg heim frå Stavanger i kveld.

Det er duket for festkveld fra Stavanger Konserthus når vi skal feire den beste musikken fra året som gikk. På scenen står bl.a. Morten Abel med Odd Nordstoga, OnklP og de fjerne slektningene, Admiral P, Broiler og Emilie Nicolas. Jenny Skavlan leder oss gjennom kvelden når musikkbransjens gjeveste priser skal deles ut.