Hopp til innhold

Nedturen held fram for Venstre: – Eg forstår at Bjørlo er desperat

I NRKs nye supermåling for Sogn og Fjordane valkrets kjem Venstre og Alfred Bjørlo dårleg ut. I Hordaland smiler Erna, sjølv om ho står aleine.

Alfred Bjørlo

UNDER PRESS: Alfred Bjørlo (V), ordførar i Stad, går ei spennande tid i møte fram til Stortingsvalet 13. september.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Stortingsvalet 2021 nærmar seg med stormskritt.

Med tre månader igjen, bles det rundt Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V).

I NRKs supermåling for juni ligg Venstre på 1,7 prosent i Sogn og Fjordane valkrets.

Meningsmåling juni 2021 for Sogn og Fjordane

Endring sammenlignet med april 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 3.1% (endring: +0.5
SV: 7.0% (endring: +2.3
AP: 22.4% (endring: +1.5
SP: 40.3% (endring: +1.5
MDG: 2.7% (endring: 0.0
KRF: 2.9% (endring: -0.4
V: 1.7% (endring: +0.1
H: 11.4% (endring: -3.1
FRP: 6.8% (endring: -1.8
Andre partier: 1.7%
Utført av Norstat 27. mai–3. juni600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

– Det er altfor lågt, og vi må heve oss mykje fram mot valet. Det er mange usikre veljarar som sit på gjerdet, seier Bjørlo til NRK.

I same måling ligg Raudt, med 3,1 prosent, mykje betre an.

Slik det er no ser det ut til at Raudt får inn eit utjamningsmandat frå Sogn og Fjordane.

Elles ligg Senterpartiet an til to mandat og Arbeidarpartiet til eitt.

Mandatfordeling juni 2021 for Sogn og Fjordane

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
SP: 2 mandater, endring +1
AP: 1 mandat, endring 0
R: 0 mandater, endring 0
SV: 0 mandater, endring 0
MDG: 0 mandater, endring 0
KRF: 0 mandater, endring 0
V: 0 mandater, endring 0
H: 0 mandater, endring -1
FRP: 0 mandater, endring 0
Utført av Norstat 27. mai–3. juni600 svar

I tillegg til direktemandatene blir det valgt inn et utjevningsmandat fra Sogn og Fjordane. Dersom denne målingen var valgresultatet ville utjevningsmandatet i Sogn og Fjordane gått til Rødt

Les mer om NRKs meningsmålinger

I NRKs supermålingar spør Norstat 600 veljarar i kvart av dei 19 valdistrikta (dei tidlegare fylka). Det gir heile 11.400 spurde og eit solid grunnlag for å seie korleis det ligg an i kvart distrikt.

Ikkje skjedd på 94 år

Det betyr at Geir Oldeide (R) frå Måløy kan bli den mest radikale politikaren som tar vegen frå Vestland til Stortinget, sidan målemeister Ingvald Berentin Aase kom inn på Hordaland-benken i 1927.

Det får Stad-ordføraren til å riste på hovudet.

– Eg håpar det er ein vekker. Raudt har markert seg som eit klimaskeptisk parti og vil auke skattebelastning på eit næringsliv vi er ekstremt avhengig av. Skulle for eksempel EØS-avtale kome i spel etter valet, så vil det vere greitt for Oslo, men ein katastrofe for kysten, meiner Bjørlo.

Oldeide slår tilbake etter Venstre-politikarens utspel.

Geir Oldeide

PÅ STORTINGET? Geir Oldeide (R) kan bli første politikar frå Sogn og Fjordane Raudt på Stortinget sidan 1927.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg forstår at Alfred Bjørlo blir litt desperat når han ser at Venstre dalar på alle målingar. Men usanning burde likevel vere unødvendig. Raudt vil ha ein anna og meir rettferdig klima- og miljøpolitikk enn Venstre. Så enkelt er det, seier politikaren frå Måløy.

Høgre størst i Hordaland

I Hordaland er det Erna Solberg og Høgre som leiar an, men hennar allierte tapar terreng.

Meningsmåling juni 2021 for Hordaland

Endring sammenlignet med april 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 4.1% (endring: 0.0
SV: 9.8% (endring: +2.7
AP: 18.4% (endring: -0.7
SP: 14.5% (endring: +0.7
MDG: 3.6% (endring: +0.7
KRF: 4.8% (endring: -1.6
V: 3.5% (endring: -0.2
H: 27.3% (endring: -1.4
FRP: 9.5% (endring: -1.2
Andre partier: 4.4%
Utført av Norstat 27. mai–3. juni600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

KrF og Venstre tapar fleire utjamningsmandat til SV og Raudt i den ferske målinga.

Samla betyr det at dei raudgrøne stiller med 22 mot 20 mandat frå dei tre vestlandsfylka.

Stortinget

STORTINGSVALET: Kven skal styre landet dei neste fire åra? Det får ein svaret på etter valdagen 13. september.

Foto: Shutterstock

«Vi veit at målingar berre er målingar, så vi gjev oss ikkje før siste stemme er gitt frå seg i september. Eg har trua på eit borgarleg samarbeid til hausten. Dette har vi snudd før», skriv Olje- og energiminister, samt nestleiar i Høgre, Tina Bru i ein SMS til NRK.

– Vestlandet er sjølvsagt utruleg viktig for ein valsiger. Det viste seg for åtte år sidan då vi fekk den borgarlege regjeringa, seier andrekandidat for Høgre i Hordaland, Ove Trellevik.

Mandatfordeling juni 2021 for Hordaland

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
H: 5 mandater, endring 0
AP: 3 mandater, endring -1
SV: 2 mandater, endring +1
SP: 2 mandater, endring +1
FRP: 2 mandater, endring 0
KRF: 1 mandat, endring 0
R: 0 mandater, endring 0
MDG: 0 mandater, endring 0
V: 0 mandater, endring -1
Utført av Norstat 27. mai–3. juni600 svar

I tillegg til direktemandatene blir det valgt inn et utjevningsmandat fra Hordaland. Dersom denne målingen var valgresultatet ville utjevningsmandatet i Hordaland gått til Rødt

Les mer om NRKs meningsmålinger

Ligg an til drama

Det er ikkje berre i Sogn og Fjordane at Venstre slit. Nasjonalt ligg partiet på 2,7 prosent. Skal Erna Solberg få regjere i fire nye år, må truleg både Venstre og KrF kome over 4 prosent.

Meningsmåling juni 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med april 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 4.2% (endring: +0.5
SV: 7.8% (endring: +0.8
AP: 24.1% (endring: +0.8
SP: 17.7% (endring: +0.6
MDG: 3.7% (endring: -0.2
KRF: 3.6% (endring: +0.2
V: 2.7% (endring: -0.2
H: 23.0% (endring: -1.7
FRP: 10.2% (endring: -0.9
Andre partier: 3.2%
Utført av Norstat 26 mai.–11. juni11,400 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Det har Venstre klart før.

Viss vi tek snittet av meiningsmålingane i juni i stortingsvalår som utgangspunkt, så har Venstre løfta seg i tre av dei fire siste:

  • I 2017 frå 3,3 til 4,4.
  • I 2013 frå 4,2 til 5,2
  • I 2005 frå 2,9 til 5,9

Med 2,7 prosent oppslutnad no, må Venstre få til tidenes nest beste Venstre-valkamp målt i auka oppslutnad i prosentpoeng om dei skal klare sperregrensa. Målinga lèt etter seg ikkje tvil om at Venstre no ligg under sperregrensa.

–Vi skal klare det! seier Ola Elvestuen, tidlegare nestleiar i partiet.

Mandatfordeling juni 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
AP: 45 mandater, endring -4
H: 42 mandater, endring -3
SP: 34 mandater, endring +15
FRP: 19 mandater, endring -8
SV: 14 mandater, endring +3
R: 8 mandater, endring +7
MDG: 3 mandater, endring +2
KRF: 3 mandater, endring -5
V: 1 mandat, endring -7
Utført av Norstat 26 mai.–11. juni11,400 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Dei som kan glise mest etter den ferske supermålinga, er Bjørnar Moxnes og Raudt. Med 4,2 prosent ligg dei over sperregrensa og partileiaren vil få med seg sju nye partikollegaer på Stortinget.

– Eg trur mange er luta lei av den borgarlege regjeringa og ønskjer ny regjering, men også ny politikk, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes i sommarregnet i Oslo.

– Dei ser at Raudt trengst for å presse Ap og Sp til ny politikk, meiner Moxnes.