Hopp til innhold

Ti gonger fleire uføre får krav om tilbakebetaling frå Nav enn i 2014

Nav kravde tilbake over 1700 millionar kroner frå nordmenn som fekk ytingar i fjor. Særleg må mange fleire uføre returnere utbetalt trygd, viser nye tal NRK har henta inn.

Elisabeth Thoresen, leder i AAP-aksjonen

VANSKELEG: Leiar Elisabeth Thoresen for AAP-aksjonen meiner lovar og reglar for uføre har blitt alt for kompliserte og strenge.

Foto: Beate Riiser / NRK

– Lovverket er så strengt, og det er så vanskeleg å forstå, sukkar Elisabeth Thoresen.

Ho er leiar i AAP-aksjonen og snakkar dagleg med Nav-brukarar som slit med å forstå korleis dei skal finne ut av regelverket.

Tal Nav har henta ut for NRK viser to trendar dei siste åtte åra. Det har vore ein kraftig auke både i det samla kravet om tilbakebetaling av alle slag Nav-ytingar, og i talet på uføre som får krav fordi dei har tent for mykje.

Krev 1,7 milliardar tilbake

Alle som har ytingar frå Nav skal betale pengar tilbake viss dei får meir enn dei har rett til.

Dette gjeld alt frå dagpengar, arbeidsavklaringspengar, overgangsstønad, barnetrygd og kontantstøtte, til sjukepengar, uføretrygd og alderspensjon.

Dei samla tilbakebetalingskrava frå Nav har auka frå vel éin milliard kroner i 2014 til 1,72 milliardar kroner i 2021. Altså ein auke på 70 prosent.

For 2014 måtte 30.000 menneske som fekk ulike ytingar frå Nav, betale tilbake pengar. For ytingar dei fekk i 2021 måtte 73.400 menneske betale tilbake til Nav.
Samstundes har fleire av dei andre ytingsgruppene hos Nav fått færre tilbakebetalingskrav.

Faktaboks om statistikken: nederst i artikkelen.

Les også «Å arbeida skal lønna seg», men staten tar 65 prosent av lønna når uføretrygda Mats jobbar

Mats Bendiksen

Nav veit ikkje årsaka

Ytingsdirektør Eve V. Bergli seier at Nav ikkje heilt veit årsakene til auken i dei samla tilbakebetalingskrava.

– Desse tala varierer jo litt frå år til år. Men for å kunne seie kva som er årsaka til auken, trengst ein større analyse.

Dagen etter intervjuet sende ytingsdirektøren ei presisering der ho peikar på at auken i tilbakebetalingskrav sidan 2014 i hovudsak er knytta til følgande krav i 2022: koronaytingar på 182 millionar kroner, 181 millionar kroner frå forskot på dagpengar, og 578 millionar kroner i etteroppgjer for uføre.

Men ho har ikkje forklart kvifor særleg etteroppgjera har auka.

Eve Vangsnes Bergli

Ytingsdirektør Eve V. Bergli hos Nav seier dei treng ei større analyse for å vite meir om årsakene til at Nav må krevje stadig meir pengar tilbake frå dei som har ytingar frå Nav.

Foto: Bjørn Atle Gildestad / NRK

Litt for høg inntekt

Etteroppgjer skjer når skattetala er klare året etter at inntektene kom på konto og skatten er betalt. Då reknar Nav ut kor mykje dei uføre tener over grensa og krev tilbake deler av årsinntekta om den var høgare enn forventa.

Ordninga starta etter uførereformen i 2015 som mellom anna skulle gjere det enklare å kombinere arbeid og trygd. Då kom også ei inntektsgrense, og fribeløpet blei redusert frå 1 G til 0,4 G.

NRK har tidlegare fortalt om uføre som har måtta betale tilbake pengar til Nav. Dei fortel at dei hadde fått betre lønn, og nokre hadde fått bonusar eller turnustillegg.

Enkelte har fått fast jobb i løpet av året og etterpå betalt tilbake uføretrygda dei fekk i starten av året.

Les også Turid mista 18.000 då ho fekk 11.000 i lønnstillegg: – Eg blei forbanna

Turid Søfteland

Tidobling av krav til uføre

Samanlikna med året før uførereformen var det over ti gonger så mange uføre som fekk krav for 2021.

For 2014 måtte 2500 uføre måtte betale tilbake pengar til Nav.

I etteroppgjeret for 2015 det første året etter uførereformen fekk 11.300 uføre krav om 263 millionar kroner.

For 2021 fekk 25.500 krav om 578 millionar i etteroppgjeret. 21.600 av dei fekk krav på under 50.000 kroner.

Ytingsdirektør Bergli seier Nav treng meir kunnskap om auken i tilbakebetalingskrav i etteroppgjera sidan uførereformen i 2015.

– Også der vil det vera behov for ein større analyse for å seia kva det skuldast. Vi trur det kan vere fleire faktorar, men har ikkje noko presist svar på det enno.

Uføre må melde ny inntekt

Dei siste åra har det også blitt mange gonger fleire og større etterbetalingar frå Nav. Når skattemeldinga er klar, reknar Nav ut at nokre uføre fekk for lite pengar betalt ut året før.

For 2015 etterbetalte Nav 65 millionar kroner i ekstra uføretrygd til 3600 uføre, medan nesten 14.000 uføre til saman fekk etterbetalt 179 millionar kroner for 2021.

Ytingsdirektør Bergli fortel kva som skal til for at uføre skal sleppe krav frå Nav.

– Uføre skal melde frå dersom inntekta blir høgare enn venta. Ved hjelp av «inntektsplanleggaren» på nav.no kan ein sjå kva ein får utbetalt og registrere endringa. Viss ein melder frå fortløpande, får ein ei rettare utbetaling gjennom året. Det gjer at ein ikkje får krav om tilbakebetaling av større beløp, seier Bergli.

Kompliserte reglar

Elisabeth Thoresen i AAP-aksjonen kjenner godt til korleis Nav-systemet fungerer for sjuke menneske. Då ho får sjå tala frå Nav, nemner ho fleire moglege årsaker til auken i etteroppgjer for stadig fleire uføre.

Mange er delvis uføre og har noko arbeid i tillegg. Ved starten av kalenderåret må dei sjølve anslå forventa inntekt før pengane er tente, inkludert neste års løn med lønsoppgjer, turnustillegg og andre eingongsinntekter.

Det er nødvendig for å få riktig trekk undervegs og sleppe etteroppgjer. Tala tyder på at mange uføre finn det vanskeleg. Om uføre melder inntekter over inntektsgrensa og fribeløpet, avkortar Nav utbetalingane.

Det er ikkje lett å halde oversikta med dette her. Det er 'kompensasjonsgrad' og '0,4 G' og inntektsplanleggjar som du skal sette rett tal inn i. Du veit ikkje kva du får i løn og kva som er forventa inntekt i løpet av eit år, seier ho.

Elisabeth Thoresen leier AAP-aksjonen og kjenner godt til Nav-systemet.

Elisabeth Thoresen i AAP-aksjonen meiner tala frå Nav viser at uførereforma ikkje byggjer opp om arbeidslinja.

Foto: Beate Riiser

For lågt fribeløp

Fleire av NRKs kjelder har fortalt at dei heller takkar nei til lønnsoppgjer enn å få tilbakebetalingskrav frå Nav. Dei likar å høyre til på ein arbeidsplass og stå på for kollegaer og arbeidsgjevar, sjølv om helsa gjer at dei ikkje kan arbeide full stilling kvar dag, kvart år.

Les også SV og Høgre slår seg saman: Krev endring for Guri Anne

Guri Anne Egge

Dette er historier Elisabeth Thoresen kjenner att.

Det er heile systemet. Det burde vore slik at du fekk lov til å tene 1 G og ikkje måtte passe på denne låge inntektsgrensa. Uføre skal bli tilgodesett med å kunne tene det som er ei normal månadsinntekt for andre menneske, meiner Thoresen.

Også ho trur at fleire uføre har slutta å jobbe eller melder inn for høg inntekt for å sleppe å få betalingskrav etter at løna kom på konto.

Uførereforma har ikkje vore heldig. Den byggjer ikkje opp om arbeidslina. Når folk ikkje har ei inntekt som gjer at dei kan klare tilbakebetalingskrav, kan det hindre dei i å orke å jobbe i gode periodar der dei kunne ha arbeidd ein del, meiner ho.

Les også Arbeidsministeren om tilbakebetaling av uføretrygd: – Urettferdig og urimeleg

Marte Mjøs Persen