Hopp til innhold

Næringar i klinsj om tollmurar

Medan bøndene jublar, rasar den eksportretta fiskerinæringa over auka tollmurar.

Gunnar Domstein

UROA: Gunnar Domstein, styreleiar i fiskeri og havbruksnæringa, er uroa for følgjene av auka tollmurar for å gje bøndene betre prisar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Regjeringa har bestemt seg for å auke tollsatsane på mat for å hindre at bøndene møter konkurranse frå utlandet.

Det får fiskerinæringa til å reagere kraftig.

– Vi kjenner oss litt ofra, ja. Dette her blir berre heilt feil om ein skal auke tollsatsane, seier leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Jarl Magne Silden.

– Vi har lagt press

Bøndene stengjer Utvikfjellet.

SPERRA: Bønder over heile landet aksjonerte etter brotet i jordbruksforhandlingane. Her er det Utvikfjellet som blir stengd.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

For etter eit år med aksjonar, hadde særleg Senterpartiet lite anna val enn å imøtekome bøndene sine krav om høgare tollmurar for å beskytte norskprodusert ost, biff og lam.

Etter tøffe forhandlingar i regjeringa, fekk partiet gjennomslag for å skifte frå kronetoll til prosenttoll. Dette for at bøndene skal få betre prisar for varene sine.

– Bøndene har lagt eit stort press på politikarane og Regjeringa, og ikkje minst Senterpartiet, siste året. Så dei var nøydde til å levere noko no. Om ikkje, så trur eg dei hadde slite veldig ved valet neste haust, seier leiar i Eid bondelag, Knut Tore Nes Hjelle.

– Oftare val

Bondeaksjonane i vår skaka grunnfjellet i Senterpartiet, og bøndene erkjende kraftig misnøye med partiet sitt etter brotet i jordbruksforhandlingane .

– Prisane har stått i ro i 20 år, medan kostnadene berre aukar og aukar. Det seier seg sjølv at vi ikkje får nysatsing eller investering i landbruket om ikkje prisane blir betre, seier Nes Hjelle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knut Tore Nes Hjelle, leiar i Eid bondelag

NØGD: Knut Tore Nes Hjelle, leiar i Eid bondelag.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Langs vegane kan folk framleis sjå banner der sinte bønder hevdar at staten sviktar bonden.

– Skulle hatt val litt oftare, så kanskje vi hadde fått gjennomslag på krava våre oftare, seier bondelagsleiaren i Eid.

Fryktar straffereaksjonar

Men medan bøndene jublar over betre prisar for produkta sine, rasar fiskarane over vedtaket. I Fiskarlaget meiner Silden at staten nedprioriterer fiskerinæringa framfor jordbruket.

Høgare tollmurar på import, fryktar dei vil gå utover fiskeeksporten.

– Det går kanskje an å tenkje litt nytt, og ikkje berre rope på vern og slikt. Vi har måtte greie oss sjølve og klart å få til verdiane vi skaper utan å rope for mykje på Staten. Så kanskje bøndene må byrje å tenkje litt nytt, seier han.

Uroa Domstein

Kring 95 prosent av all fisk her til lands blir eksportert. Ei av dei viktigaste eksporthamnene i Norge ligg i Måløy, der styreleiar i fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, Gunnar Domstein, er skaka over Regjeringa.

Makrellbåtar i Kalvåg

I KØ: Båtane låg i kø ved hamna i Kalvåg. Fiskarane fryktar følgjene av auka tollmurar.

Foto: Birger Meland / NRK

Også han fryktar at sjømatnæringa vil bli straffa.

– Vi er veldig uroa for korleis dette vil påverke andre distriktsnæringar, som fiskeri og havbruk trass alt er. Vi avheng av å selje våre varer ut i verda, og ei kvar form for strengare importtoll til Norge vil bli oppfatta ute som handlingar som kanskje kan bli møtt med liknande tiltak på våre produkt, seier han.

Kunne fått meir vekst

Men trass sinnet i fiskerinæringa, vedgår også Domstein at bransjen er inne i ein god periode. Sidan 2001 har eksportverdien frå fiskeri og oppdrett auka frå 12 til over 50 milliardar kroner.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jarl Magne Silden, leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

KRITISK: Leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Jarl Magne Silden.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Domstein trur likevel at kysten kunne opplevd endå meir vekst.

– Til dømes her i Måløy, der vi kunne skapt fleire arbeidsplassar om vi hadde hatt betre rammevilkår, det vil seie lågare toll på mange av dei foredla produkta som vi kunne ha produsert, seier han.

– Vanskeleg å samanlikne

– I fiskerinæringa har dei heile tida greidd å ta ut prisar som står i stil med kostnadsutviklinga som dei har i si næring. Det har vi ikkje klart i landbruket, så det er veldig vanskeleg å samanlikne desse to næringane, legg Nes Hjelle til.

Bondelagsleiaren i Eid er lite glad for å vere i ein tollmur-konflikt med fiskarane.

– Men for å snakke for vår del, så er vi i alle fall heilt avhengige av å få på plass eit godt importvern, avsluttar han.