Hopp til innhold

– Bøndene har for dårleg ordning

Avløysartilskotet til bøndene har stått nesten stille dei siste åra. Det betyr at dei må betale av eiga lomme dersom dei vil ha ferie som andre.

Medan løna til avløysarane har vokse med om lag 50 % dei siste ti åra, har avløysartilskotet til bøndene berre auka med 33 % i same periode.

– Velferdsordninga for bøndene er for dårlege. Det fører til at det vert vanskelegare å rekruttera inn til jordbruket.

Det seier Per Hilleren i Sogn og Fjordane Bondelag.