Hopp til innhold

Bøndene får ikkje ei krone meir

Den som hadde håpa Stortinget skulle gje meir pengar til bøndene enn regjeringa, vart skuffa måndag.

Ingrid Heggø.

SPELEREGLAR: Dei raudgrøne partia følgde spelereglane og gav dei same 900 millionane som låg i regjeringa sitt første tilbod til bøndene. – Spelereglane er uendra, seier komitémedlem Ingrid Heggø (Ap).

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Då Næringskomiteen på Stortinget leverte si innstilling til årets jordbruksoppgjer, var det ei tilråding på dei same 900 millionane som låg i regjeringa sitt første tilbod.

– Eg er overraska over at stortinget ikkje viser eit snev av vilje til å løfte inntektene i landbruket, seier ein skuffa leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren.

Aksjonerte

Bøndene skildra det som eit skambod og braut forhandlingane etter at staten innleia jordbruksoppgjeret med å tilby snittbonden ein auke på kring 13.000 kroner i året.

Veka etter følgde ei rekkje aksjonar frå bøndene, utan at det ser ut til å ha påverka politikarane i Oslo.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Bønder stoppa trafikken over Utvikfjellet

SJÅ TV-SAK: Bønder stoppa trafikken over Utvikfjellet.

For dei som hadde håpa at Stortinget skulle opne pengesekken meir enn regjeringa gjorde, vart skuffa måndag.

– Spelereglane er uendra, og då er det framlegget til regjeringa som vil gå igjennom, seier komitémedlem Ingrid Heggø (Ap).

Valde sjølv å bryte

Heggø viser til at bøndene valde vekk sjansen til å forhandle om oppgjeret då dei valde å ikkje setje seg til forhandlingsbordet.

– For det låg sjølvsagt meir der som ein kunne forhandla seg fram til, seier ho.

Dei einaste som ikkje godtok regjeringa sitt tilbod var KrF, som ville sende saka tilbake til regjeringa med fullmakt til å forhandle fram eit nytt resultat.

Ville ikkje plusse på

Per Hilleren

LEIAR: Per Hilleren.

Foto: Merete Støfring, Sogn og Fjordane bondelag

Det betyr at heller ikkje Senterpartiet, som har fått mykje kritikk frå bøndene for årets oppgjer , heller ikkje gjorde noko forsøk på å plusse på i Stortinget.

– Kva du tykkjer om det, Hilleren?

– Eg ser kvar du vil, men dette er eit felles ansvar i regjeringa. Dei har vore med og lagt malen i form av jordbruksoppgjeret, og følgjer regjeringa og det som er sagt tidlegare.

Annleis fordeling

Også Høgre og Frp støtta regjeringa sitt tilbod. Dei ville derimot fordele pengane lit annleis.

– Høgre og Frp ville berre ha volumproduksjon og det er det dei vil auke opp med. Det er dei store bruka som skal få meir fortrinnsrett. Det vil slett ikkje komme vestlandsbonden til gode i det heile, avsluttar Heggø.

Video SP tilbake.

SJÅ TV-SAK: Jordbruksoppgjeret får skulda for Senterpartiet sin kraftige tilbakegong.