Hopp til innhold

Liv Signe gjorde ikkje heimeleksa

Liv Signe Navarsete innrømmer at ho og partiet ikkje gjorde heimeleksa si i forkant av landbruksoppgjeret i år. Resultatet vart mistillit blant bøndene. På tide med sjølvkritikk, meiner leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren.

Bønder aksjonerer i Oslo
Foto: Merete Støfring

Det er i eit intervju med ntb i dag at partileiaren i Senterpartiet innrømmer at partiet ikkje var godt nok førebudde på bøndene sine reaksjonar, etter at staten sitt tilbod vart lagt fram i vår.

Liv Signe Navarsete

INNRØMMER FEIL: Liv Signe Navarsete meiner partiet ikkje tok pulsen godt nok på landbruksnæringa

Foto: NRK

– Det kan hende at vi ikkje hadde pulsen godt nok på næringa då vi la fram tilbodet, seier Navarsete til NTB.

Årets jordbruksoppgjer vekte sterke reaksjonar blant bøndene, og det vart sett i verk store aksjonar over heile landet. Fleire truga med å melde seg ut av partiet og vende ryggen til ved neste Stortingsval.

På tide at Navarsete går i seg sjølv

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, meiner det er på tide at leiinga i Senterpartiet går i seg sjølv.

– Det kom noko seint, humrar bondesjefen i fylket. Det er bra at dei ser at dei feilberekna bøndene, og no vil kome næringa meir i møte. Eg meiner heile regjeringa må ta ansvar for den situasjonen som har oppstått.

Mange bønder hadde høge forventingar til landbruksmeldinga som kom i forkant av tilbodet til bøndene. Regjeringa sitt fokus på auka matproduksjon, vart teke som eit teikn på at bøndene også skulle få auka sine inntekter.

Per Hilleren

PÅ TIDE: Bondelagsleiar Per Hillern meiner det er på tide at Sp har meir fokus på bøndene

Foto: Arne Eithun / NRK

Den nye landbruksministeren Trygve Slagsvold Vedum (Sp), er den som no får jobben med å gjenreise partiet sin tillit blant bøndene.

– Han må levere, og landbruket må prioriterast høgt og bli ei fanesak for Senterpartiet.

Navarsete seier sjølv at samferdsle blir ei fanesak i forkant av valet neste år, kva meiner du?

Vi forventar at partiet satsar på landbruk som nummer ein, og at inntekta til bøndene og matproduksjonen går opp, seier Hillern. Vi har forventningar om at landbruket blir løfta fram i den komande perioden, og at neste landbruksoppgjer blir godt.

Liv Signe Navarsete innrømmer at konflikten med bøndene ikkje akkurat har ført til noko løft for partiet, og ho er uroa over om den raudgrøne regjeringa vil vinne valet neste år. Det er no eitt år sidan regjeringspartia har hatt fleirtal på meiningsmålingane.

– Eg håpar på eit sterkt sentrum framover, fordi Sp er viktig for landbruket. Men då må Senterpartiet og lanbruksministeren levere. Hilleren meiner det blir spennande å sjå kva som skjer. Eg lever i håpet om ei framleis raudgrøn regjering, avsluttar bondeleiaren.