Hopp til innhold

Møter minister etter brannen - veit enno ikkje kor mykje dei treng i økonomisk støtte

Lærdal-ordføraren skal fredag i møte med kommunalminister Jan Tor Sanner. Der vil statsråden få presentert grove anslag på kor mykje den brannråka kommunen treng i økonomisk støtte.

Jan Geir Solheim

TRENG ØKONOMISK HJELP: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, møter denne veka kommunalministeren for å fortelje om behovet for hjelp etter storbrannen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Det har gått to veker sidan ordføraren og resten av innbyggjarane i Lærdal vart skaka av den veldige brannen på Lærdalsøyri.

40 bygningar gjekk tapt, av dei 17 bustadhus, og mange står att med berre kleda dei vart evakuerte i.

Kommunen ønskjer å starte eit prosjekt for å gjenreise bygda, og når ordførar Jan Geir Solheim møter ministeren denne veka vil han be staten om støtte.

– Eg kjem til å leggje fram eit estimat for kor mykje pengar vi treng for å dekke utgiftene med å få på plass infrastrukturen. I tillegg må vi leggje fram kva behov vi har for å dekke opp dei ekstraressursane som er nødvendig administrativt i kommunen, og i tillegg dei ekstraressursane vi treng for å gjenreise alt som vart øydelagt, seier ordførar Jan Geir Solheim.

Klare lovnader frå statsministeren

To veker etter brannen er det mykje som framleis står på hovudet i sognekommunen. Ordføraren legg ikkje skjul på at dei har mykje arbeid i vente, og seier det er no dei må brette opp ermane for å få ting til å gå rundt som før.

Til alt hell gjekk ingen liv tapt i brannen, men store delar av Lærdalsøyri ber tydelege preg av dei veldige flammane som på kort tid utvikla seg til den største brannen etter krigen.

No førebus ordføraren seg til eit møte med kommunalminister Jan Tore Sanner. Jan Geir Solheim håpar staten vil gje si støtte til kommunen, og halde løfta statsminister Erna Solberg kom med i dagane etter brannen.

– Det er tradisjon i Norge at kommunane får hjelp frå staten når slike ting skjer, sa statsministeren kort tid etter at brannen herja.

(Artikkelen held fram under)

Brann i Lærdal

MISTE ALT: Mange familiar miste alt dei eigde i dei grådige flammane for to veker sidan.

Foto: Jan Erikstad

Sleit økonomisk før brannen

Som både Robek-kommune og omstillingskommune hadde Lærdal mykje å jobbe med allereie før brannen. Dei økonomiske utfordringane kommunen alt hadde å stri med er noko ordføraren vil ta med seg til ministeren.

Håpet er meir pengar til omstilling for å få fart på prosessen.

– Vi har eit ønskje om at farten på dette arbeidet blir auka ytterlegare, seier Solheim.

Har ikkje funne fram kalkulatoren enno

Men akkurat kor mykje pengar kommunen vil trenge etter storbrannen har ordføraren og kommunen ikkje fått rekna på enno. Førsteprioritet har heile tida vore å hjelpe dei som vart hardast råka.

Men nå kalkulatoren blir teken fram vil det bli snakk om store summar, vedgår Lærdal-ordføraren.

– Det er snakk om mykje pengar. No har vi diskutert organisering og sett på kor mykje ressursar vi får behov for, så får kalkulatoren kome i andre rekke.

– Vi har fått tydelege signal på at vi skal få støtte, og eg er trygg på at vi allereie på fredag får klarsignal på ein del av behova, seier Solheim.