Hopp til innhold

Først skal han hjelpe Førde i Europacupen - så vil han slå Førde ut av NM-cupen

Geir Eithun (33) går nokre svært spesielle veker i møte i november og desember.

Geir Eithun i timeout for Førde

CUPFINALE: Etter cupfinaletapet mot Nyborg i fjor, la Geir Eithun Førde-trøya på hylla. No er førdianaren tilbake på volleyballbana – for osloklubben Koll.

Foto: Rune Fossum / NRK

I slutten av november set han på lagleiarbenken til Førde i Europacupkampen mot russiske Fakel Novy Urengoy.

To veker seinare vil Geir Eithun gjere sitt for å setje punktum på Førde sine håp om cupgull nummer tre. Då som Koll-spelar.

– Eg har eit litt ambivalent forhold til semifinalen. Eg er framleis Førde-gut og ynskjer dei meir suksess enn nokon annan klubb i Norge. Samstundes er eg for stolt til å gå på bana og ikkje gjere noko anna enn å prøve å vinne, seier 33-åringen.

Ville venta med Førde

Sandvolleyballspelaren la opp som Førde-spelar etter cupfinalen mot Nyborg i vinter . Årsaka var at innandørsspel med barndomsklubben var vanskeleg å kombinere med sandvolleyballsatsinga saman med Iver Horrem.

No er altså Eithun tilbake på volleyballbana for Oslo-klubben Koll. Helga 7. og 8. desember representerer han for første gang eit anna lag enn Førde i Førdehuset.

– Ambisjonen er ikkje å slå ut Førde på noko tidspunkt, men no blir det jo slik. Eg ville helst venta med å møte Førde til sjølve cupfinalen, seier Eithun.

– Lettare å seie nei

Morten Kvamsdal

COMEBACK: Eit beinbrot i Førde-drakta sette Morten Kvamsdal ut av spel i lang tid som volleyballspelar. Han satsar på sandvolleyball, men har også gjort comeback innandørs for Koll.

Foto: Førde VBK

33-åringen bur store delar av tida i Oslo og har sine treningsopplegg i hovudstaden. Då Koll presenterte treningsopplegg som gjorde det mogleg å kombinere innandørsspel med sandvolleyball, takka han ja.

– Eg satsar 110 prosent på sandvolleyball, men det er lite som skjer på vinterstid. Då treng vi kamptrening, seier Eithun.

– Men kunne du ikkje fått det med Førde?

– Det er lettare å seie til Koll at eg er med når eg kan. Er eg heime, så tek det ti minuttar med trikken i staden for å måtte setje av ei heil helg for å spele ein kamp.

Sterk motstandar

Jonas Kvalen

VERSTE: Jonas Kvalen meiner Koll er den verste motstandaren dei kunne fått i semifinalen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Eithun har så langt spelt ein cup- og ein seriekamp for Koll. Morten Kvamsdal er ein annan tidlegare Førde-spelar som no representerer osloklubben.

I tillegg til Førde og serieleiar Koll, kjempar Tromsø og Oslo Volley om ein plass i cupfinalen.

– Det var den sterkaste motstandaren vi kunne fått av dei tre laga. Koll har slått Randaberg og Randaberg slo igjen Nyborg, så dei er vesentleg sterkare enn i fjor, seier Førde-spelar Jonas Kvalen.

Seks cupfinalar

– Det blir spennande, men berre å «gunne» på, legg han til og meiner Koll har ein sterk stall.

– Det går ikkje an å undervurdere dei, seier Kvalen.

Med siger over Koll, vil Førde vere klar for sin sjette – og fjerde strake – cupfinale. Både i 2007 og 2011 enda NM-gullet i Sunnfjord.

– Vi har eit godt lag, men Førde er også gode nok til å slå oss. Sjølv om Førde har det beste laget i landet, så må dei likevel prestere for å slå oss, avsluttar Eithun.