Hopp til innhold

Eithun spelar frå start i avskilet

Med ein skadd Marcin Lubiejwski, får Geir Eithun truleg eit avskil frå start for Førde volleyballklubb i ettermiddagens cupfinale.

Geir Eithun, Martin Berntsen, Jan Egil Tvinde og Frank Roger Kalstad

SPENTE: Geir Eithun, Martin Berntsen, Jan Egil Tvinde og Frank Roger Kalstad, og resten av Førde-spelarane har ankome finalearenaen Domus Athletica.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Klokka 17.00 møter sunnfjordingane Bergens-laget nyborg i kampen om kongepokalen.

Spelarane har laurdag gjennomført ei lett treningsøkt og innteke lunsj på Ole Jonny Eikefjord - frå Førde - sine nye restaurant, Bella Bambina, i Oslo.

Etter at Marcin Lubiejwski skadde seg på siste trening før avreise, ser det ut til at Geir Eithun blir kasta inn på diagonalen.

– Det var vel ikkje heilt slikt det var tenkt, ettersom førebuinga mi til finalen har vore retta mot libero-rolla. Men det blir spennande, seier Eithun berre timar før det brakar laust i Domus Athletica.

Kink i ryggen

Førde har reist til Oslo med gode håp om å hente heim sin andre cuptriumf sidan 2007. Motstandar er Nyborg som i siste seriekamp snubla mot NTNUI, slik at Førde klatra til topps i eliteserien.

Marcin Lubiejwski

SKADD GIGANT: Marcin Lubiejwski er med i troppen, men startar truleg på benken i cupfinalen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sunnfjordingane tapte soleklart 0-3 i serien for bergenslaget, og trenar Frank Kalstad vedgår at han gjerne skulle sett Lubiejewski frå start. Polakken fekk kink i ryggen under trening torsdag. Også libero Bjarne Nikolai Huus spelar frå start.

– Vi har gjort det vi kan for å få han på beina. Dei seinare kampane har han kanskje vore den mest stabile poengplukkaren. Men vi har andre å setje inn, som Geir, seier Kalstad.

Huus frå start

Ein annan som startar cupfinalen er Bjarne Nikolai Huus. Både Ruben Inderøy og Mathias Loftesnes er Førde-spelarar som tidlegare har stått fram i cupfinalen.

– Bjarne Nikolai har mange kampar i kroppen, både EM-kvalik og landskampar for U18. Han kan vere ein joker i denne finalen. Mottak og serv er alltid avgjerande i kampar mot Nyborg, seier han.

Etter serietapet mot Nyborg var trenar Kalstad svært misnøgd med innsatsen til disiplane sine.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde VBK, cupfinalelunsj

ÅT SEG OPP: Førde sine eliteseriespelarar på restaurant før dagens cupfinale.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Meir skjerpa

Han meiner spelarane har lært og går inn i cupfinalen langt meir skjerpa.

– Ja, ut frå det eg har sett i kampane etter nyttår, så kjenner eg meg trygg på det. Det handlar om kva vi gjer i periodar vi slit. Då skal ikkje vi fylle på med meir frustrasjon. Alle veit når dei gjer feil. Vi skal samlast og backe kvarandre og ha konstruktive dialogar, seier Kalstad.

Han vedgår at han er byrja å kjenne cupfinalespenninga feste seg.

Kjenner nervane

– Eg har god kontroll, men eg kjenner i kroppen at vi skal spele. No er det å få unna den siste peptalken før kamp og finne rette spenningsnivået. Er vi ikkje nervøse, så er vi ikkje normale. Spenninga er vi nøydde å ha for å prestere på høgt nivå, seier Kalstad.

Frank Roger Kalstad

HAR TRUA: Førde-trenar Frank Roger Kalstad.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sjølv etter fleire cupfinalar og meir prestisjefulle kampar, er også Eithun byrja å kjenne på nervane før din siste kamp med Førde.

– Det byrjar å kjennes no, men det er berre bra. Det var litt meir spesielt før finalen i 2011 på heimebane. Då hadde eg for så vidt ei litt anna rolle. No er eg den som skal medverke, og ikkje den som skal dra, sier Førde-veteranen.