Hopp til innhold

Førde tapte cupfinalen for tredje gong mot Nyborg

Førdetrenar Frank Kalstad er skuffa etter at kongepokalen glapp. Men han er klar på at Nyborg var det beste laget.

Førde tapte finalen mot Nyborg

SKUFFA: Førde leia ikkje ein einaste gong i cupfinalen mot Nyborg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi fortente ikkje å vinne i dag. Nyborg var klart best, seier Kalstad.

Bergenslaget Nyborg vart hakket for sterke for Førde, og kan med rette kalle seg cupmeistrar etter å ha teke tre strake sett mot sunnfjordingane.

Førde leia aldri

Trenaren fekk noko heilt anna enn den tette, jamne og opne cupfinalen han såg føre seg. Nyborg tok kommando frå første serve og hadde tre poeng før Førde såg ut til å vakne.

Lars Fredrik Tvinde

HÅP: Lars Fredrik Tvinde sytte for åtte poeng for Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde klarte aldri å stresse bergenslaget og måtte sjå dei vinne setta 25-20, 25-28 og 25-16. Sunnfjordingane var aldri i føringa i løpet av kampen.

– Ja, så trist var det. Det var ikkje trøkk i nokon. Vi får ikkje opp stemninga og får ikkje opp spelet på det nivået vi veit vi har inne, seier ein skuffa Lars Fredrik Tvinde.

– Vi har ikkje sjanse

– Vi får ikkje rytme i laget og då har vi ikkje sjanse og taper 3-0. Vi ligg tre poeng bak i starten, tek eitt, mister to, så tek vi to. Vi ligg heile tida i den sona, men klarer ikkje hente oss inn att. Det er rett og slett ikkje godt nok, held han fram og får støtte frå trenaren.

I midten av tredje sett innsåg han at det ikkje ville bli eit tredje cupmeisterskap på Førde. No må dei konsentrere seg om å hente heim seriegullet.

– Nyborg tok fire-fem poeng og då er det tungt. Det måtte ha skjedd noko heilt spesielt med ein av våre spelarar, som ei rekkje serveess. Det var ingen av oss som var der. Om det var nokon, så var det han som takka av, seier han og siktar mot Geir Eithun som spelte sin siste kamp i Førde-trøya.

Godt Eithun-avskil

– Han spelte godt og avslutta på god måte, legg Kalstad til. Eithun vart Førde sin største poengsankar i finalen med ni poeng. Med ryggskaden til Marcin Lubiejwskij, fekk han meir tid på bana enn venta.

Geir Eithun

SØLV: Det vart ikkje NM-gull til Geir Eithun i sin siste kamp for Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Men avslutninga vart langt frå slik han hadde håpa på. Gullet tok den førebelse tabelltoaren med seg til Bergen. Frå no av satsar Eithun for fullt på sandvolleyball.

– Eg sa eg ville avslutte med ein cupfinale og litt speletid. Eg fekk meir speletid enn venta, men i dag var Nyborg berre betre på alle område, resignerer han.

Skuffa Loftesnes

– Men som eg også sa, serve og mottak, ville bli avgjerande mot Nyborg. Og det vart det, held Eithun fram og konstaterer at Førde glippa på dei avgjerande områda.

Ein som var frykteleg skuffa, var Mathias Loftesnes. Han trur nervane kan ha vore med på å gjere kampen hakket tyngre enn kva godt var for Førde-laget.

– Eg trur vi var prega heile gjengen. Nett no er eg berre frykteleg skuffa, seier ungguten frå Sogndal.

Tapte for tredje gong mot Nyborg

Frank Roger Kalstad og Marcin Lubiejwskij

SKUFFA: Frank Roger Kalstad og Marcin Lubiejwskij er tydeleg misnøgde med finaleinnsatsen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førdeherrane spelte sin 5. cupfinale sidan 2007 då dei i dag møtte Nyborg i Oslo.

Førde henta heim kongepokalen både i 2007 og 2011. Men både i 2008 og 2012 vart det tap mot Nyborg. Og også på tredje forsøk viste bergensarane seg umoglege å slå i cupfinalen.

– Nyborg vinn suverent, og det er noko vi må finne ut av når vi spelar mot Nyborg. Kanskje ein tanke betre enn sist, men vi mister serven vår mot Nyborg. Gir null press. Slit spesielt med mottak i starten. Får ikkje med oss heilskapen, er flytande i forsvar ikkje med i blokkene, og då blir det vanskeleg mot Nyborg, seier Kalstad.

Godt Nyborg-lag

Tvinde poengterer at Nyborg gjorde ein svært god kamp.

– Dei spelar utruleg godt i dag. Yngve Sundfjord spesielt. Han er ein tiger i forsvar. Trur beste kampen eg har sett han i, seier han.

Nyborg-trenar Ivar Bakken er langt på veg samd og vedgår dei hadde ein usedvanleg god kamp.

– Det er aldri lett mot Førde. Men vi klarte å unngå lange downperiodar og gjorde minimalt med feil, seier han.