Laurdag spelar han sin siste kamp for Førde - satsar alt på sand

Den profilerte Førde VBK-spelaren Geir Eithun spelar sin siste kamp i Førde-drakta når laget møter Nyborg i cupfinalen laurdag. No er det sandvolleyball for alle pengane.

Geir Eithun

SLUTT: Laurdag spelar Geir Eithun sin siste kamp i Førde-drakta. T.v. trenar Frank Kalstad.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Slik situasjonen er for meg no så har vi komme fram til at eg laurdag blir min siste kamp for Førde. Eg gir meg med cupfinalen, seier Geir Eithun.

33-åringen har vore fast inventar i Førde volleyballklubb i mange år, og også etter opphald i utlandet har han returnert til gamleklubben. Han debuterte på juniorlandslaget i 1996 og spelte på seniorlandslaget i 1998, og har totalt 57 landskampar.

Han har også spelt for ei rekkje lag utanlands, seinast for det franske Champions League-laget Beauvais i 2008.

I 2010 bestemde han seg for å satse på ei karriere som sandvolleyballspelar, og siste åra har han og makker Iver Horrem lagt opp løpet for å nå målsetjinga om OL i Rio 2016.

Men det er ikkje godt å kombinere med å spele innandørs innimellom.

Vil satse 100 prosent på sandvolley

– Det er for å satse meir 100 prosent på sandvolleyballen som er mitt hovudfokus om dagen. Eg bur i Oslo og trenar her, og pendlinga til og frå Førde og kampar har teke meir krefter enn kva godt er i den satsinga, seier Eithun.

Difor seier Førde-spelaren no at nok er nok, sjølv om han innrømmer at avgjerda sat langt inne.

– Etter at eg begynte å satse på sandvolleyball i 2009/2010 så har det gradvis vorte mindre og mindre speling for Førde. Behovet til Førde har også vorte mindre for meg som spelar, så det har utvikla seg litt den dagen. No har vi komme til eit punkt der det mest fornuftige er å setje ein strek, seier Eithun.

Har møtt stor forståing

Han legg til at han har hatt ein open dialog med leiinga i klubben om dette gjennom heile sesongen.

– Det er litt rart å gi seg når ein har halde på i ein klubb så lenge. Og eg har sagt at det er ikkje sikkert at eg aldri meir røre ein innandørs volleyball igjen, men akkurat no gir eg meg iallfall i Førde, seier Eithun.

Han legg til at han har møtt stor forståing frå klubben på avgjerda si.

– Men det er klart det er med eit visst vemod eg gir meg. Av alle klubbane eg har spelt i så er det i Førde-drakta eg har opplevd mine største kjenslemessige oppturar med å vinne serie og cup og nordic league. Så det er klart det er vemodig. Men slik er det. Alt tek slutt ein gong, seier Eithun.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Eithun

SATSAR ALT: Geir Eithun og sandvolleyballmakker Iver Horrem satsar alt mot OL i Rio 2016.

Foto: Joao Pires / FIVB.COM

Høgdepunktet var cupfinale heime

Det absolutte høgdepunktet er han ikkje i tvil om.

– Det var cupfinalen 2011 på heimebane i Førdehuset med stinn brakke og fem sett mot Nyborg. Vi låg bak noko slikt som 9–3 og gjekk til 15. Det var ei veldig spesiell oppleving. Vi kan berre drøyme om at vi får oppleve same resultat på laurdag. Det var magisk, seier Eithun.

Han understrekar at Førde har vore ein viktig klubb for han.

– Førde har vore ein ekstremt viktig klubb for meg. Det har vore eit utelukkande positivt samarbeid, og det er i Førde eg har utvikla meg som spelar. Det er også dei som har lagt til rette for den seriøse satsinga som eg har ønska å ha. Førde har betydd ekstremt mykje for meg som spelar, og det må eg berre nytte høvet til å takke for, seier Eithun.

Skal trene med OL-vinnarane

No tenkjer han fram mot OL 2016 i Rio.

– Vi er i rute. Vi tek til att i slutten av februar/slutten av mars. Vi trenar godt no, men vi har lite kamptrening, seier Eithun.

Han legg til at begge merkar klar framgang frå i fjor.

– Om to veker dreg vi til Sør-Afrika for å trene med OL-vinnarane eit par månader, og då får vi kjenne litt meir på kor vi ligg i løypa, seier Eithun.

Trur Førde har god sjanse på gull

– Dette er vel det næraste vi kjem ein hatkamp i norsk volleyball. Det har vorte litt tradisjon at vi møtest. Siste tida har vel Nyborg stukke av med flest sigrar, men cup er cup. Eg trur vi har ein god sjanse til å hente heim gullet på laurdag, seier Eithun.

Han håpar på speletid mot Nyborg under cupfinalen laurdag, og han har klare tankar om kva resultatet blir.

– Eg tippar vi vinn 3–1 mot Nyborg. Sølv eller gull blir det uansett, og for min del ei verdig avslutning på mange år i Førde, seier Eithun.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Eithun i timeout for Førde

SISTE KAMP: Laurdag spelar han sin siste kamp.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Trist å miste Geir

– Å miste ein spelar som Geir er alltid trist for eit lag, men det har vore varsla ei stund at det kom til å skje. Det har vorte vanskelegare å kombinere satsinga på sand med innandørs speling, seier Førde VBK-trenar Frank Kalstad.

Han har berre godt å seie om Eithun.

– Vi skulle gjerne hatt ein spelar som Geir. Han er ein av tidenes spelarar i Førde volleyballklubb, men det har vore kjekt å ha han der, og det blir kjekt i helga. Han vert ein viktig spelar der, seier Kalstad.

Han legg ikkje skjul på at Eithun har vore ein viktig spelar for klubben.

– Han er ein lokal spelar og det er noko klubben er oppteken av at vi skal ha. Han har også hatt kvalitetar som få andre spelarar har hatt, og det syner også proffkarrieren hans, seier Kalstad.

Bidreg med mykje rutine

Dei siste åra har Eithun spelt mindre for klubben grunna satsinga på sand.

– Men når han er med så er han veldig dyktig og bidreg med mykje rutine og ro blant dei yngre spelarane på laget, seier Kalstad.

Han trur ikkje nyheita om at Eithun har sin siste kamp laurdag vil spele negativt inn på innsatsen til laget mot Nyborg.

– Om det spelar inn så trur eg det vil vere positivt, at ein ønskjer å avslutte Geir si karriere på Førde på ein positiv måte, seier Kalstad.

Trur det blir jamn kamp

Han trur det blir ein jamn kamp mot Nyborg.

– Eg trur det blir eit ope oppgjer. Nyborg har gått på eit par smellar, det har også vi gjort. Det er vanskeleg å spå kampar mot Nyborg, men eg trur vi har gode moglegheiter viss vi fokuserer på at vi skal spele det spelet vi kan, seier Kalstad.

Sjølv medgir han at han kjenner at det nærmar seg storkamp.

– Eg byrjar å kjenne at det nærmar seg noko. Men det er slik det skal vere. Ein skal kjenne det litt i magen, det er positivt. Då er sjansen for å prestere godt mykje større, seier Kalstad.