Hopp til innhold

«Førde sin nummer ti bør komme seg ut i Europa. Då kan han bli god»

(FØRDE - NOVY URENGOY 0-3): Valerio Vermiglio let seg imponere av Førde-spelaren Lars Fredrik Tvinde. No meiner han sunnfjordingen må bli proff.

Tvinde og Vermiglio

TA NYE STEG: Valerio Vermiglio er klar på at Lars Fredrik Tvinde (t.h.) har eit stort potensial, og rår han til å sjå mot Europa.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Nummer ti spelte veldig god volleyball. Han er ikkje høg, men er veldig teknisk, seier Valerio Vermiglio til NRK.no.

Oppleggjaren er rekna blant verdas beste i sin posisjon, og er å finne på det italienske landslaget. Onsdag hadde han ein grei dag på jobb då Novy Urengoy slo Førde 3-0 i Førdehuset - men han la spesielt merke til éin motstandar.

– Ja, han bli god. Han spelte godt i mottak og forsvar. Sjølv om han ikkje er så høg - akkurat slik som eg - så er han god også i angrep. Han burde komme seg ut i Europa for å ta nye steg, seier Vermiglio.

Han utdjupar:

– Han kan bli best i Norge ved å bli her, men han må matche seg mot betre spelarar for å bli så god som han har potensial til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tvinde og Vermiglio

HARDE TAK: Lars Fredrik Tvinde og Valerio Vermiglio i aksjon under kampen onsdag.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vil gjerne bli proff

Sjølv har Tvinde eit mål om å spele proff ein gong i framtida.

– Eg må berre halde fram å trene og spele godt i slike kampar, så kjem det sikkert ein moglegheit, seier han.

– Kva synest du om eigen innsats i denne kampen?

– Eg slår inn ein del poeng, og tek vel greitt imot. Det er kjekt å slå forbi spelarar som har så godt betalt, seier Tvinde.

Får tøff oppgåve

Førde hadde i realiteten lite å stille opp med mot den russiske overmakta i Førdehuset onsdag. Heimelaget heldt motstandaren til 14-14 i det andre settet, men nærmare kom dei ikkje settpoeng.

Returkampen blir spelt i Sibir om tre veker.