Morten (39) vart skoten av politiet: – Vi lovar å snakke di sak i all tid

Morten Michelsen vart skoten og drepen av politiet i Bergen. Torsdag vart han bisett frå Johanneskirken med familie og vener til stades.

Bisettelse Johanneskirken etter politiskyting Bergen

BISETTING: Torsdag vart Morten Michelsen (39) bisett i Johanneskirken i Bergen.

Foto: Arvid Søreide / Dahls begravelsesbyrå

Seremonien byrja i Johanneskirken på Nygårdshøyden klokka 14.00 torsdag.

Grunna koronarestriksjonar kunne ikkje kyrkja ha meir enn 50 personar til stades. Alle desse plassane var i bruk under bisettinga og nokre måtte avvisast i døra, opplyser gravferdsbyrået til NRK.

Det var familien, slekt og nære vener som tok farvel med Michelsen, som døydde etter å ha blitt skoten av politiet før jul.

– Vi lovar at vi skal snakke di sak i all tid framover, skriv foreldra i minneorda før bisettinga.

Johanneskirken var pynta med blomedekorasjonar og levande lys. Bisettinga vart leia av gateprest Trygve Sæthre Stabrun frå Kirkens Bymisjon.

«De gode stundene skal minnes» stod det på blomedekorasjonen frå mor og far, lagt på midten av den kvite kista.

Morten Michelsen

DØYDDE: Michelsen vart skoten under ein politiaksjon i Ibsens gate på kvelden 21. desember.

Foto: Privat

Skriven ut same dag

Michelsen var innlagt på det psykiatriske sjukehuset i Sandviken, men vart skriven ut berre timar før hendinga i Ibsens gate på kvelden 21. desember.

Naudetatane rykka ut på melding om ordensforstyrring i ei leilegheit like før klokka 22.00. Aksjonen enda med at 39-åringen fekk tre skot i overkroppen og seinare døydde av skadane.

Spesialeininga for politisaker etterforskar skytinga og Fylkeslegen har opna tilsyn for å undersøke om mannen fekk forsvarleg helsehjelp forut for hendinga.

For dei etterlatne er det viktig å få svar på om maktbruken til politiet var naudsynt og forsvarleg. Dei har også vore fortvila over helsehjelpa sonen har fått.

– Dei klarer ikkje fri seg frå tanken på at dette kunne vore unngått viss han hadde fått den hjelpa dei meiner han trengte, har bistandsadvokat Kjetil Johannes Ottesen sagt til BT.

Bisettelse Johanneskirken Morten Michelsen

FULLT I KYRKJA: Familie og vener tok eit siste farvel med Morten Michelsen.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Under etterforsking

Fire politibetjentar som var direkte involvert i hendinga har status som mistenkte.

Michelsen var åleine i situasjonen, og det skal ikkje ha vore andre vitne enn tenestepersonane.

Så langt i etterforskinga har Spesialeininga slått fast at det var éin politibetjent som fyrte av alle tre skota med ein pistol. Det skal ikkje ha vorte fyrt av fleire skot.

Politibetjentane har forklart at det oppstod ein situasjon like i forkant, der 39-åringen hadde ein kniv i handa.

Dekorasjon bisettelse

HELSING: Kyrkja var pynta med blomsterdekorasjonar og levande lys. Her ei helsing frå Kirkens bymisjon.

Foto: Arvid Søreide / Dahls begravelsesbyrå

Tredje på halvanna år

På eitt og eit halvt år har norsk politi no skote og drepe tre menn med bakgrunn frå psykiatrien.

I august 2019 vart ein mann skoten av politiet på Jaren på Hadeland. AMK hadde bede politiet om bistand.

I fjor sommar skjedde ein liknande situasjon på Bolkesjø i Notodden. Også der enda det med at politiet skaut og drap ein mann.

Person skutt av politiet i Bergen

AKSJON: Både brannvesenet og AMK var også til stades i Ibsens gate under aksjonen. Politiet skal ha tilkalla 110-sentralen då dei oppdaga røykutvikling i leilegheita forut for skytinga.

Foto: Eivind Senneset / NTB