Hopp til innhold

Politiskytinga i Bergen: Mann (39) treft av tre skot i overkroppen

Spesialeininga har avhøyrd politibetjentane som var involvert i politiaksjonen i Bergen før jul. Éin politibetjent skal ha skote alle skota.

Politiaksjon i Ibsens gate i Bergen mandag kveld

Store styrkar rykka ut til Ibsens gate i Bergen 21. desember. Ein mann blei skoten av politiet, og døydde seinare av skadane.

Foto: Eivind Senneset / NTB

Det var på kvelden måndag 21. desember at naudetatane rykka ut til Ibsens gate i Bergen, der det var meld om ordensforstyrring.

Aksjonen enda med at ein 39 år gamal mann vart skoten av politiet. Mannen døydde seinare på sjukehus av skadane.

Fire politibetjentar som var direkte involvert i hendinga, har hatt status som mistenkte i saka. Det er Spesialeininga for politisaker som etterforskar politiskytinga.

Samstundes har Fylkeslegen i Vestland opna tilsyn i saka, då avdøde var innlagd på psykiatrisk sjukehus og vart skrive ut kort tid før hendinga. Saka er også meld til Helsetilsynet.

Tre skot i overkroppen

Tysdag fortel leiar Ellen Eikeseth Mjøs i Spesialeininga at dei fire politibetjentane er blitt avhøyrde.

– Etterforskinga har avdekka at det var ein av tenestepersonane som fyrte av skot. Avdøde vart treft i overkroppen av tre skot og døydde som følge av skota, skriv Mjøs i ein e-post til NRK.

Det var BA som omtalte saka først. Skota falt 22.35 og det er brukt pistol.

Tenestepersonen som fyrte av skota var IP3-godkjent, som betyr at vedkommande har tilleggskompetanse for å handtere skarpe oppdrag.

Mjøs legg til at det førebels ikkje er kome opplysningar om at det vart fyrt av fleire skot enn dei tre skota som trefte den 39 år gamle mannen.

Væpnet politi utenfor huset i Ibsens gate

SKAL REKONSTRUERE: Spesialeininga for politisaker skal rekonstruere hendinga i Ibsens gate.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Hadde kniv i handa

Vidare skriv Spesialeininga at det ikkje er avdekka andre vitne til sjølve skytinga.

– Hendinga fann stad inne i gangen i Ibsens gate. Avdøde var åleine i situasjonen.

– Det var ein situasjon like i forkant av at det blei fyrt av skot. Tenestepersonane har forklart at avdøde hadde ein kniv i handa under hendinga. Det er funne ein kniv som samsvarar med skildringa på åstaden, seier Mjøs.

I gangen der skytinga skjedde var det mørklagd, ifølge Spesialeininga. Det skal ha vore tilløp til brann fleire stader i Ibsens gate like i forkant av hendinga. Mellom anna inne i leilegheita til 39-åringen.

– Det var avdøde sjølv som hadde tent på. Som følge av dette hadde brannalarmen gått, sprinklaranlegget var utløyst og det fossa vatn frå taket.

Ellen Eikeseth Mjøs i Bergen tingrett etter

ETTERFORSKAR: Ellen Eikeseth Mjøs i Spesialeininga for politisaker, her saman med bistandsadvokat Kjetil Ottesen. Biletet er teke i forbindelse med ei anna sak.

Foto: Elise Angell / NRK

Skal rekonstruere

Mjøs skriv at Spesialeininga jobbar med etterforskinga for fullt. Mannskap frå brannvesenet og AMK, som var utanfor i Ibsens gate då skytinga skjedde, er avhøyrde.

Det samme er sivile vitner. I tillegg er det henta inn lydlogg frå operasjonssentralane og sambandet mellom tenestepersonane.

Spesialeininga skal også gjennomføre ein rekonstruksjon av skytinga.

Kjetil Ottesen er bistandsadvokat for foreldra til den avdøde mannen. Han seier til BT at det sentrale vurderingstemaet er om politiet sin maktbrukt var naudsynt og forsvarleg.

- Førebels har vi ikkje nok informasjon til å vurdere det og ønskjer heller ikkje ta stilling til maktbruken før vi har sett all informasjon frå etterforskinga, seier Ottesen til BT.