Hopp til innhold

Fylkeslegen startar tilsyn etter at mann blei skoten og drepen av politiet i Bergen

39-åringen var aleine med fire politifolk då han blei skoten. No vil Fylkeslegen finne ut om han har fått god nok oppfølging på psykiatrisk sjkehus.

Politiaksjon i Ibsens gate i Bergen mandag kveld

AKSJON: Måndag kveld skaut og drap politiet ein mann i Ibsens gate i Bergen.

Foto: Eivind Senneset / NTB

– Ut frå alvoret i denne saka, syns me det er rett å sjå på kva helsehjelp han har fått, seier fungerande fylkeslege i Vestland, Sjur Lehmann, til NRK.

Måndag kveld rykka politiet ut til ei leilegheit i Ibsens gate i Bergen, etter melding om ordensforstyrringar. På staden møtte dei ein 39 år gamal mann som budde i leilegheita. Inne i leilegheita skal det ha brunne.

Ifylgje politiet oppstod det ein konfrontasjon mellom politiet og mannen. Han skal ha hatt kniv på seg.

Politiet fyrte av fleire skot inne i leilegheita. Mannen blei treft. 39-åringen døydde seinare av skadane.

Har vore innlagt på Sandviken

Mannen har tidlegare vore innlagt på det psykiatriske sjukehuset i Sandviken i Bergen. Det er i dag Fylkeslegen har bedt om å få henta inn mannen sin journal derifrå.

Saka er også meldt Helsetilsynet.

Politi holder vakt i Ibsens gate

VAKT: Politiet heldt vakt i gata utanfor leilegheita også tysdag.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Fire politifolk mistenkt

Tysdag heldt politiet pressekonferanse om skytinga.

– Dette er ei tragisk sak. Eg vil på vegner av politiet uttrykka medkjensle for etterlatne. Det er forferdeleg når nokon dør av det politiet gjer, men me veit at nokon gonger kan det skje, sa politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad, då.

Saka vert etterforska av Spesialeininga for politisaker.

Tidlegare onsdag skreiv BT at mannen skal ha vore åleine då politiet rykka ut til leilegheita hans.

Det bekreftar Spesialeininga for politisaker til NRK.

– Avdøde var aleine i denne situasjonen. Spesialeininga har ingen opplysningar eller haldepunkt på at det var andre personar involvert i sjølve hendinga, seier Ellen Eikeseth Mjøs, etterforskingsleiar ved Spesialeininga for politisaker i Vest-Noreg.

Ho bekreftar også at hendinga skjedde i inngangspartiet i leilegheita til mannen som døde.

– Det var fire polititenestepersonar som var involvert i sjølve hendinga, seier ho.

De fire politifolka har status som mistenkt i saka, ifølgje Mjøs.

Person skutt av politiet i Bergen.

AKSJON: Måndag kveld skaut og drap politiet ein mann i Ibsens gate i Bergen. Her er krimteknikarar på veg inn i leilegheita tysdag.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Familien i sjokk

Mannen sin familie har framleis mange spørsmål dei lurar på, og håpar Spesialeininga si etterforsking skal gje mest mogeleg svar.

– Foreldra er i sjokk og i djup sorg etter de fekk beskjed om dødsfallet, seier dei pårørande sin advokat, Kjetil Johannes Ottesen, til NRK.

Spesialeininga har gjort avhøyr av dei fire politifolka som var på staden. I tillegg har gjer dei avhøyr av sivile vitne og personar frå dei andre naudetatane.

Dei går også gjennom lydloggar frå politiaksjonen, og har fått etterforskingshjelp frå Kripos.

– Vi er i ferd med å danne oss eit godt bilde av det som skjedde i oppgangen, seier Mjøs frå Spesialeininga.

Den tredje på halvtanna år

På eitt og eit halvt år har norsk politi skote og drepe tre menn med bakgrunn frå psykiatrien.

I august 2019 vart ein mann skoten av politiet på Jaren på Hadeland. AMK hadde bede politiet om bistand.

I august i år hende ein liknande situasjon på Bolkesjø i Notodden. Også der enda det med at politiet skaut og drap ein mann.

Fras (21) filmet disse bildene av hvordan nødetatene jobbet på stedet etter politiskytingen på Kronstad i Bergen.

Fras (21) filma desse bileta av korleis naudetatane jobba på staden etter politiskytinga på Kronstad i Bergen.