Hopp til innhold

Mor deler ungeflokken i to for å hindra at alle blir tatt av ras

Ras og rasfare har stengd skulevegen åtte gonger sidan nyttår. Søskenflokken på tre deler seg på veg til skulen for å redusera faren for at alle blir tekne av steinras.

Asbjørn, Eivor og Laura

DELER SEG: Dei tre søskena tek sjeldan bussen i lag til skulen. Frå venstre: Asbjørn, Eivor og Laura Seim Bech.

Foto: privat

– Det er litt skummelt når det er dårleg vêr, for det kan rasa stein. Men eg prøver å ikkje tenka så mykje på det. Så det går bra, seier Eivor Seim Bech (8).

Klokka er kvart på åtte ein vanleg torsdag morgon i mars. Ho og storebror Asbjørn skal straks gå til skulebussen som skal frakta dei om lag 20 kilometerane frå huset i Framfjorden til skulen på Vikøyri i Sogn.

Men storesøstera Laura sit på med mamma Veronika Seim Bech, som skal køyra same vegen om berre nokre få minutt.

For dei tre søskena tek sjeldan bussen til skulen i lag. Veronika torer ikkje å ta sjansen på at alle skal sitta i same køyretøy, dersom det går eit ras.

– Det er for å spreie risikoen. Skjer det noko med skulebussen, kan det vera fatalt. Så dei gongene eg kan dela dei opp, så gjer eg det, seier ho.

Stein trefte skulebussen

Dei tre søskena bur annakvar veke hjå far i Vik, og annakvar veke hjå mor i Framfjorden, ei av dei små bygdene inst i Arnafjorden i Vik i Sogn.

Dei vel 150 personane som bur i bygdene her inne, må køyra fylkesveg 5600 om dei skal inn til kommunesenteret.

Berre sidan 1. januar har den vore stengd åtte gonger for ras eller rasfare.

– Me er så vande med det, så eg tenker ikkje så mykje over det. Men det kan jo framleis skje at noko treffer oss, seier Asbjørn Seim Bech.

I grøfta ligg det små og store steinar som har kome ned frå fjellet over dei. Nokre er små som knyttnevar. Andre på størrelse med eit bildekk. I asfalten er det sår etter steinar som har dundra ned i vegen.

70 milliardar kroner. Det er prisen for å sikra dei riks- og fylkesvegane i Noreg som har størst rasfare, slo ein rapport fast i 2019.

I påsken i fjor rasa digre steinar ned i vegen på morgonen, skreiv Sogn Avis. Då bussen køyrde innover fjorden var vegen open. Då bussen køyrde attende mot Vik, var vegen dekka av eit steinras. Den største blokka var like stor som ein bil.

– Dei dagane det er dårleg vêr, er det kjempevanskeleg å senda ungane på skulen. Nokre dagar held me dei heime fordi me ikkje klarer å senda dei av garde langs vegen, seier Veronika Seim Bech.

– Men likevel vel de å bu her?

– Ja. Det er ei flott bygd, det er her me høyrer til og me trivst godt. Om sommaren er det heilt nydeleg her. Det er ikkje berre å flytta.

– Må prøva å ha eit avslappa forhold til det

Sola er på veg opp og det blenkjer i snøen på fjelltoppane rundt Sognefjorden, som Arnafjorden er ein arm av.

– Eg har alltid i tankane at det kan koma ned stein. Men samstundes kan eg ikkje grubla for mykje på det, for då måtte ein nesten berre vore heime. Ein må prøva å ha eit avslappa forhold til det, trass alt, seier bussjåfør Gunnar Fjellheim.

Når han ikkje køyrer skulebussen om morgonen og ettermiddagen, køyrer han lastebil på den same vegen.

– Det har vore nære på. Ein gong var det snakk om sekund, men då køyrde eg ikkje skulebussen. Ei diger steinblokk tok med seg halve vegbana, og ei anna steinblokk sperra det som var att av vegen.

Lys i enden av tunnelen

Tunnel er den einaste løysinga dei som bur der ser på som god nok. Det er kome nokre rasnett som dekker nokre meter av vegen. Men steinane kan like gjerne detta ned rett ved sidan av nettet.

Men det er lys i enden av tunnelen. For den etterlengta tunnelen har aldri vore nærare å bli realisert enn han er no, trur ordførar Roy Egil Stadheim.

– No er vegen eitt av sju prosjekt som Vestland fylkeskommune vil få på plass. Men alt avheng av at den nasjonale rassikringspotten blir auka betrakteleg. Det må til for å få sikra dei verste vegane i heile landet, seier han.

Men i Vik er dei ikkje ukjende med å venta på pengar til tunnelar, for så å bli skuffa. Så kaka ventar dei litt med endå, sånn i tilfelle.

Les også Heiste flagga til topps i 2013 – men no er tunnelen heilt i det blå

Flagging i Vik

– Om du skal gjera ei kvalifisert gjetting: når er tunnel til Arnafjorden på plass?

– Det er vanskeleg å seia. Planarbeid må gjerast, men så fort som mogleg. Noko meir torer eg ikkje seia. Men at han kjem er eg meir overtydd om no enn tidlegare, seier Stadheim.

Kommunehuset ligg i fjordkanten, rett ved der skulebussen kjem køyrande. Ein liten halvtime etter at Eivor gjekk på bussen heime i Framfjorden, er ho og dei andre elevane framme på Flatbygdi skule i Vik.

For Eivor står bading på timeplanen i første time, etterfølgt av kunst og handverk.

Om nokre timar skal ho heim att til Arnafjorden. Då trekkjer ho og dei andre skuleungane der inne eit nytt lodd i steinras-lotteriet.