Hopp til innhold

Her står menn på venteliste for å vera med på yoga

Fem gonger så mange kvinner som menn driv med yoga. Men nokre stader står menn i kø for å vera med.

Inne i eit varmt studio med stearinlys som einaste lyskjelde, bøyer 14 menn seg ned i «Hunden som ser ned».

Det er ei av yogastillingane som skal losna opp dei stive musklane. I kveld er det nemleg kurset «Yoga for stive menn» som står på planen.

I fjor dreiv fem gonger så mange kvinner som menn med yoga, pilates eller liknande, ifølgje levekårsundersøkinga til SSB.

– Då eg høyrde om tilbodet, fann eg ut at eg måtte prøva det. Eg måtte rett og slett ta ansvar for eiga helse.

Stian Grimseth (49) er tidlegare europameister og noregsmeister i vektløfting.

No er han på sitt første yogakurs.

Odd Erik Gullaksen og Stian Grimseth.

Odd Erik Gullaksen og Stian Grimseth pustar letta ut etter ei overraskande tung treningsøkt.

Foto: Kristina Kassab Liland / NRK

– Hardare trening enn venta

På eit lappeteppe av yogamatter fortel Grimseth om ein lang idrettskarriere og ein kropp som vart øydelagt då han slutta å trena.

Kameraten Odd Erik Gullaksen (54) har også bøygd, tøygd og sveitta ifrå seg i kveld.

I tillegg til yoga for stive menn, går han på vanleg yoga ein gong i veka, men der er han «den einaste hannen i flokken».

– Fyrst trudde eg yoga var meir bøying og strekk, mjukt og roleg, men så vart eg overraska over kor hardt det kan vera.

Sveitten som heng igjen i lufta er eit bevis på at yoga er god styrketrening, også for menn.

Yogainstruktør Eli-Gro B. Carlsen

Yogainstruktør Eli-Gro B. Carlsen gler seg over oppmøte på det nye yogakurset for menn i Sunnfjord.

Foto: Kristina Kassab Liland / NRK

– Eg visste om fleire menn som hadde lyst til å driva yoga, men som ikkje torde å gå inn i salen, fortel yogainstruktør Eli-Gro B. Carlsen.

Ulike treningsmotiv

Mads Skauge er universitetslektor ved Nord Universitet. Han seier gruppetimar generelt har vore sterkt kvinnedominerte.

– Dei byggjer på kvinner sine treningsmotiv heller enn menn sine, seier Skauge.

Hovudbiletet er at unge menn føretrekker konkurranse og leik, medan unge kvinner er meir opptekne av helse.

– Å gå på vanlege yogatimar kan verka framandgjerande for menn som forsøker å byggja eit maskulint sjølvbilete.

– Utvilsamt bra for kropp og sjel

Kameratane på Sunnfjord Yoga er einige i at det er lettare å gjera yoga blant andre stive menn. Då er det kanskje ikkje så rart at kurset har ei lang venteliste.

– Terskelen vert lågare når vi er i same båt. Du treng ikkje å skjemst for at du er stiv og dårleg i balansen, fortel Grimseth.

Sjølv om det vert ein del leik inne på yogastudioet, er det fyrst og fremst helseaspektet som er viktig for deltakarane.

Grimseth fortel at travle kvardagar gjer det lett å gløyma eiga helsa.

– Yoga held ting i sjakk. Du får pust, avslapping, men samstundes får du utfordra deg fysisk. Det er utvilsamt bra for kropp og sjel.

Les også Derfor kan yoga gjøre deg lykkelig

Yoga