Hopp til innhold

På dette verftet gjev ein gammal plattform jobb til ti gonger fleire enn havvind

Milliardane strøymer inn til norske verft, dei fleste kjem framleis frå olje- og gassindustrien. Grøne prosjekt er langt unna å skaffa store jobbar og inntekter.

Ingar Johansen, platearbeidar på Aker Solutions Stord.

PENSJONIST: Ingar Johansen trur han har jobb innan olje- og gass til han vert pensjonist.

Foto: Olav Røli / NRK

Kontrakten på Havvind-prosjektet Hywind Tampen er verdt 1,5 milliardar kroner for Aker Solutions. Til samanlikning er oppgradering av den gamle Njord-plattforma verdt godt over fem milliardar kroner.

På Stord har 1.500 personar i periodar jobba med den gamle plattforma, medan berre 200 er involvert i havvindprosjektet.

Trur på sluttdato

Platearbeidar Ingar Johansen ved Aker Solutions sitt verft på Stord har jobba 35 år i verksemda.

Når NRK møter han er han i gang med å montera ferdig mellomstykka til havvindmøllene inne i ein av hallane.

– Det er klart det er spennande å vera med i det grøne skiftet, seier han.

– Kva tenkjer du om eventuell sluttdato for olje- og gassproduksjon?

– Det er vel ein sluttdato. Men ikkje på nokon år enno, og då er eg vel pensjonist, seier han.

– På Hywind Tampen lærer me mykje nytt. Innan fornybar vil det vera behov for å meistra andre kvalitetar enn det me gjer i dag. Meistrar me ikkje det vil me verta olje- og gassdyret som lagar ting ingen har bruk for, seier konsernsjef i Aker Solutions, Kjetel Digre, til NRK.

Konsernet Aker Solutions omsette for 13,9 milliardar i andre kvartal 2021. Av dette var berre 17 prosent knytt til inntekter frå fornybare prosjekt, til dømes utbygging av havvindfeltet Hywind Tampen for Equinor.

Njord-plattformen, som høyrer til Equinor. Har vore på Stord sidan 2017.

OPPGRADERING: Sidan 2016 har denne plattforma lege ved Aker Solutions sitt verft på Stord. Det har sikra milliardinntekter og jobb til mange tusen personar.

Foto: Olav Røli / NRK

– Utan jobb over natta

Digre i Aker Solutions, meiner det er avgjerande for konsernet at dei kjem i gang med prosjekt innan fornybare sektorar som havvind, karbonlagring og innan hydrogen.

Innan 2030 har dei som mål at to tredjedelar av omsetnaden skal komma frå fornybare segment.

Samstundes er det framleis olje og gass som skaffar dei største inntektene, og vil gjera det i lang tid framover.

Les også: Vil ikkje lenger elektrifisere sokkelen med landstraum

På Stord ventar Aker Solutions på skroget til det flytande produksjonsskipet Johan Castberg som skal vidare til Barentshavet.

– Kva hadde skjedd om ein hadde kutta ut utbygging på norsk sokkel?

– Over natta ville vår kompetansen innan både prosjektleiing og engineering ha stått utan jobb. Vidare ville verftsindustrien ha fått ein klar ordrenedgang, seier Digre.

Aker Solutions sin jobb på Aker Solutions Stord.

MINDRE JOBB: Hywind Tampen er venta å sysselsetja om lag 200 personar på Stord. Her ligg nokre av modulane i ein av hallane til Aker Solutions på Stord.

Foto: Olav Røli / NRK

– Treng oppvakning

Digre er optimist med tanke på fornybar energi, men meiner det trengst ei oppvakning i Noreg. Og viser til at mange land og regionar i verda ligg langt framme i utvikling av fornybar energi.

Aker Solutions-sjefen var onsdag gjest på Stordkonferansen, saman med mellom andre Pål Eitrheim, direktør for fornybar i Equinor. Dei hadde begge innlegg under temaet utsleppsfri sokkel innan 2050.

Konferanse1

PÅ KONFERANSE: Konsernsjef i Aker Solutions, Kjetel Digre (t.v.) og direktør for fornybar i Equinor, Pål Eitrheim, var torsdag på konferanse på Stord.

Foto: Olav Røli / NRK

Tener godt på høg gasspris

Eitrheim seier til NRK at det er olje og gass som gjev konsernet dei største inntektene. Om dei investerer éin dollar i eit olje- eller gassfelt, får dei to dollar tilbake. I dag er gassprisen høg, noko som gjev dei endå meir inntekter.

– Kor mykje får de igjen om de investerer éin dollar i vindkraft?

– Dette kan ein ikkje samanlikna. Havvindprosjekt har ein heilt anna risikoprofil, med typisk faste kraftprisar. Me har sagt at me skal ha ei lønnsemd som speglar lågare risikonivå, og havvindprosjekt vil gje ein lønnsemd på mellom fire til åtte prosent, seier Eitrheim.