I år er det komikar Sigrid Bonde Tusvik som skal ta tempen på Ørland, Florø, Skien og Sarpsborg.
- LES OGSÅ:
- ALT OM MGP FINN DU HER
Ho har tidlegare søkt etter ein mann til seg sjølv i programmet «Sigrid søker kjæreste». . No skal ho stå for dei ikkje-musikalske innslaga i årets MGP-show.
Skryt av fantastiske folk
Ho reiser rundt for å kåre den flottaste mannen i kvar by som arrangerer del-finale.
– Vi møter fantastiske folk når vi reiser rundt. Det er lenge sidan eg har hatt det så gøy på opptak. Det er fine byar som står på for å få til festen, skryt ho.
Den første flotte mannen er Mr. Ørland og han blir kåra under delfinalen førstkommande laurdag. Ei veke seinare er det Florø som står for tur.
Gler seg
Prosjektleiar Skjalg Solstad er glad for at Bonde Tusvik sa ja til oppdraget.
– Det er viktig for NRK å ta Melodi Grand Prix ut i landet, og eg gler meg til å bli betre kjend med stadene vi besøkjer og menneske der gjennom auga til, seier prosjektleiar Skjalg Solstad.