Vurderer raudt farevarsel: Vasstanden kan bli 70–80 centimeter over normalen

Historisk låge lågtrykk og atmosfæriske forhold gjer at det kan bli ekstremt høg vasstand langs heile kysten av Noreg måndag kveld.

Oransje farevarsel for høg vannstand langs heile kysten.

UROA: Meteorologane varslar no om svært høg vasstand langs heile kysten.

Foto: @meteorologene på Twitter

Alt i helga vil mange merke den høge vasstanden.

– Det er alvorleg. Vi ber om at folk som får problem med høg vasstand, byrjar å ta forholdsreglar alt i helga, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til NRK.

For komande søndag er det sendt ut gult farevarsel for kyststroka i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag.

Her ventar meteorologisk verdiar som er 60 centimeter høgare enn det som står i tidevasstabellane.

– Den mest alvorlege situasjonen kjem måndag. Her har vi sendt ut oransje farevarsel, særleg for måndag kveld, seier han.

Kan bli ekstremt

Prognosane syner no at flo sjø kan gå 70 til 80 centimeter over normal vasstand. Det gjeld heile kysten frå Agder til Grense Jakobselv.

– Det er slik at vi har prognosar no som viser at vi kan få vasstandsverdiar på raudt nivå. Men det er litt langt fram enda, det er mange faktorar som skal klaffe, seier Fagerlid.

Raudt farevarsel er ekstremvêr. Då må det astronomiske bidraget klaffe med vind og lufttrykk.

Årsaka til at det blir høg vasstand ligg langt ute i havet.

– Vi har voldsom lågtrykksaktivitet i Nord-Atlanteren som flyttar store vassmengder inn mot Nordsjøen og Norskehavet i løpet av helga, fortel meteorologen.

Svært lågt lågtrykk

Eit lågtrykk som påverkar Noreg på søndag og måndag har barometerstand ned mot 940 hektopascal og kanskje enda lågare.

– Det er veldig lågt lufttrykk, seier Fagerlid.

Rekorden for Noreg er eit lågtrykk på nettopp 940 hektopascal som blei målt i Bergen i 1884.

Slik er varsla:

  • Søndag: Gult farevarsel for høg vasstand for kyststroka i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag
  • Måndag kveld / natt til tysdag: Oransje farevarsel for høg vasstand. Kysten frå Agder til Grense Jakobselv. Gult farevarsel frå Agder til svenskegrensa.