Hopp til innhold

Cruiseturistar kan få sykkelveg – skuleborna må vente

Bygda har kjempa for trygg skuleveg for borna i 30 år. Då kommunen bad om sykkelveg for cruise-syklistar, tok det tre månadar før ting begynte å skje.

– Det er litt ekkelt når bilane køyrer fort forbi. Det er ikkje alltid dei ser meg, fortel Amalie Omland (11) med bilduren i bakgrunnen.

I 30 år har bygda Stårheim i Nordfjord med kring 650 innbyggarar kjempa for ein trygg skuleveg.

Trafikken på Riksveg 15 dundrar forbi i 80 kilometer i timen.

Her reiser tunglasta vogntog med fisk frå Måløy eine vegen, og turistbussar på veg til naturskjønne Stadlandet den andre. Over 3.000 biler i snitt i døgnet.

Langs autovernet går skuleborna.

Amalie Omland ved trafikkfarleg skuleveg på Riksveg 15 på Stårheim i Nordfjord.

EKKELT: Amalie Omland må dele skulevegen sin på Riksveg 15 i Nordfjord med tung trafikk i 80 kilometer i timen. Ho drøymer om gang- og sykkelveg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg tar nokre telefonar til ungane. Og det gjer eg kvar dag for å sikre at refleksvesten er på plass, fortel firebornsmor Reidun Ytre-Hauge Ivesdal.

Amalie, Jonathan (11) og Peder (12) har sjølve skrive avisinnlegg i Fjordenes Tidende om at dei gruar seg over å gå denne vegen til skulen.

Peder Ytre-Hauge Ivesdal og Jonathan Kvalheim Osnes ved Riksveg 15 på Stårheim idet ein stor, svart varebil køyrer forbi.

AKSJON TRYGG SKULEVEG: Jonathan Kvalheim Osnes (til venstre) og Peder Ytre-Hauge ber politikarane om gangveg og gatelys. Dei har skrive lesarinnlegg saman med Amalie Omland.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Cruise-gjestar på sykkeltur

Lenger aust ligg kommunesenteret og cruisebygda Nordfjordeid. I fjor tok dei i mot 30 cruiseskip og over 125.000 passasjerar her. I år ventar 72 skip.

Stadig fleire av turistane vil på sykkeltur langs fjorden. Om lag 700 i år, ifølgje næringa sjølv.

Det vart eit avgjerande argument for lokalpolitikarane etter at dei i september bad kommunen møte Statens vegvesen for å få sykkelveg mellom Nordfjordeid og bygda Haugen. Ei strekning der det ikkje går eit einaste skulebarn.

Ei prioritering av gang- og sykkelveg på strekninga vil redusere risiko for ulukker og medverke til at endå fleire besøkande frå cruisenæringa kan velje ein miljøvennleg aktivitet når dei er på besøk i Stad kommune.

Astrid Fossheim Paulsen, kommunalsjef areal og eigedom i Stad kommune / Brev frå Stad kommune til Statens vegvesen 5. november 2022

To e-postar og eitt møte seinare hadde dei fått svar frå den mektige vegetaten.

Første steg på vegen til sykkelveg kunne kome allereie i år, eller neste år.

Det tok tre månadar.

Første steg vil vere å starte arbeid med reguleringsplan, dette er noko vi har mål om å få til iløpet av 2023-2024.

Tone Anette Espe, seksjonssjef i Statens vegvesen / Epost frå Statens vegvesen til Stad kommune, 25. november

På Stårheim har dei enno ikkje fått noko slik lovnad.

Turistar går i land på Nordfjordeid

FOLKESTRAUM: Tusenvis av cruiseturistar kjem kvart år til Nordfjordeid. Stadig fleire ønsker å også sykle langs fjorden.

Foto: Nordfjord Havn

For tidleg fase

– Det er for tidleg fase til å stille dei to prosjekta opp mot kvarandre, seier seksjonssjef Tone Anette Espe i Statens vegvesen.

Vegønskene er mange og pengesekken er berre så stor. Ingen av prosjekta kan bli bygd i løpet av dei neste åra.

Men har det eine prosjektet fått eit forsprang når det er lovd ein reguleringsplan, medan det andre ikkje har det?

– Eg har full forståing for at det blir oppfatta slik. Så jobbar vi vidare med våre prosjektlister og vil fortløpande sette i gong planlegging når vi får høve til det, seier Espe.

Ordførar Gunnar Silden (V) meiner at ny skuleveg på Stårheim er prioritert, men at somme mål er lettare å oppnå.

– Det er enklare for oss å få regulert eit prosjekt på 800 meter enn dei seks kilometerane på Stårheim, seier han.

Håp for framtida

Den eventuelle sykkelvegen frå sentrum vil kanskje bli kring 800 meter. Ved Stårheim kan det vere snakk om fleire kilometer.

Amalie har tankar om kva som kunne gjort skulevegen hennar tryggare.

– Eg ønskjer meg eit gangfelt og busskur. Og litt lys.

– Trur du det kjem?

– Kanskje i framtida.