Hopp til innhold

Maya (27) vil vite kven ho eigentleg er – sluttar med prevensjon

Maya Asheim Breidablik lurer på kven ho er utan hormonell prevensjon. Difor sluttar ho med p-piller etter 11 år.

Maya Asheim Breidablik ser tankefullt opp i taket medan ho held i pakningsvedlegget frå p-pillene

SPENT: Maya Asheim Breidablik er spent på om ho kjem til å merka nokon skilnad på seg sjølv med og utan hormonell prevensjon.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Då Breidablik som 16-åring fekk både sin første menstruasjon og sin første kjærast, gjekk ho til helsesøster og fekk resept på p-piller.

– Eg har gått frå å vera born til å vera vaksen på p-piller.

No sluttar ho fordi ho er nysgjerrig på om prevensjonen kan ha påverka personlegdommen hennar og kven ho er.

– Eg veit ikkje kven eg er utan ekstra hormon, seier ho.

Mange år med hormon

Breidablik fortel at noko av det som har fått ho til å tenkja, er at ho har hatt eit travelt år der ho har hatt mange tunge dagar, eller som ho kallar det sjølv, «dritdagar».

– Kanskje er det berre meg, men kanskje kan hormona vera med på å påverka psyken min, seier ho.

Ho tykkjer det er vanskeleg å vita sikkert om dette i tilfelle er biverknader ho har hatt heile vegen.

– Då eg starta var eg i puberteten og på mitt mest hormonelle. Eg veit ikkje kva som var biverknader frå p-piller og kva som var naturleg.

Når ho ser tilbake, tykkjer ho det er vanskeleg å skulla samanlikna med korleis ho var før ho byrja med prevensjon, fordi det er lenge sidan, og fordi ho var så ung.

Men er det i det heile tatt mogleg at prevensjon kan påverka personelgdom og identitet?

Maya Asheim Breidablik sluttar på p-pillene som ho held i handa.

SLUTT: Det er berre eit brett med p-piller att. Det blir ikkje brukt. – Me får sjå om eit år om eg byrjar på noko anna.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Lite truleg

Siri Kløkstad, gynekolog ved Sex og samfunn fortel at mange kjem til dei med liknande refleksjonar: Mange unge kvinner lurer på det same som Breidablik.

Kløkstad er tydeleg på at det er lite truleg at prevensjon kan påverka personlegdommen din. Dei har iallfall ikkje forsking som viser at det gjer det.

Ein dansk studie viser derimot at det er fleire kvinner som brukar hormonell prevensjon som òg brukar antidepressiva.

– Men det er ikkje funne ein klar årsakssamanheng mellom desse tinga.

Siri Kløkstad. Gynekolog hos Sex og samfunn i Oslo.

ÅTVARAR: Siri Kløkstad, gynekolog ved Sex og samfunn vil råda kvinner som vurderer å slutta med prevensjon til å heller byta prevensjonsmiddel.

Foto: Privat

Det vanlegaste er at biverknader kjem innan tre månader. Dei fleste av dei gir seg òg innan tre månader.

– Det er veldig lite sannsynleg at ein får biverknader etter fleire år, seier Kløkstad.

Breidablik ser biverknader på psyken og identitet som noko som heng saman.

– Å ha mange dårlege dagar gjer noko med deg som person, seier ho.

Tilrår ingen å slutta

Hjå Sex og samfunn meiner dei likevel det er ei viktig problemstilling, fordi dette er noko mange undrar seg over.

– For oss er det viktig å seia at me ikkje rår nokon til å slutta.

Det er det to grunnar til.

Hovudgrunnen er at når du startar på hormonell prevensjon, inneber det ein risiko for blodpropp. Denne risikoen stabiliserer seg etter kvart.

Kløkstad fortel at dei fleste som sluttar byrjar att etter ei stund.

– Om du startar på nytt etter meir enn fire veker, er du tilbake til utgangspunktet med blodpropprisikoen.

Ifølgje Kløkstad er det derfor ein betre idé å byta prevensjonsmiddel.

– Då har du ikkje den same risikoauken.

Kløkstad påpeikar at prevensjon er laga for å beskytta mot graviditet. Det er den andre grunnen til at ein ikkje bør slutta.

– Det er godt for kvinner å vita at dei kan ha eit fritt seksualliv utan frykt for å bli gravide.

Maya Asheim Breidablik sitter i en sofa foran en rød vegg og ser inn i kamera.

ELLEVE ÅR: Det er elleve år sidan Breidablik bryja med p-piller. Det har fått ho til å tenkja.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Breidablik peikar på at kondom er ei god løysing på det problemet.

Det er likevel mykje ho er spent på. Ho hadde hatt mensen éin gong før ho byrja på p-piller. P-piller gjer det mogleg å hoppa over menstruasjon, og i større grad styra når han skal koma.

– Eg lurer på korleis kroppen min handterer naturleg menstruasjon.

Forskar: – Mest fokus på menn

– Det eksisterer store kunnskapshol når det kjem til biverknader av prevensjon.

Det sa Elisabeth T. Swärd, seniorrådgiver på forskning og kvinnehelse i Norske Kvinners Sanitetsforening til NRK i sommar.

Ho meiner det ikkje vert forska nok på kvinnehelse.

– Tradisjonelt har sjukdommar som råkar menn fått meir fokus og merksemd enn dei sjukdommane der kvinner er i fleirtal.

– Verdt risikoen

Bredablik har bestemt seg. Ho vil vera utan hormonell prevensjon i minst eit år, kanskje lenger.

Etterpå vil ho vurdera om ho skal prøva noko nytt eller halda fram utan.

– For min del er det verdt risikoen. Tenk om eg får eit fantastisk år.

Ho understrekar at ho er både klar over og litt redd for placebo.

– Eg er veldig spent på om eg merkar nokon skilnad.

Les også: Smerter og utmatting prega livet til Charlotte i ni år – så slutta ho med prevensjon

No blir det lettare for jenter under 16 år å få prevensjon

Her les Maya pakningsvedlegget frå p-pillene. Det er eit stort, kvitt ark.

MYKJE: – Dette er jo som ei heil avis, seier Breidablik om pakningsvedlegget som kjem med p-pillene ho har teke i elleve år.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Hei!

Har du noko på hjartet eller har du tips til kva den neste saka mi bør vera? 

Send meg ein e-post!