Hopp til innhold

Smerter og utmatting prega livet til Charlotte i ni år – så slutta ho med prevensjon

– Mange gløymer at prevensjon er legemiddel, seier lege på Sex og samfunn, Noregs største senter for seksuell og reproduktiv helse.

Charlotte Ringdal.

RESEARCH: Charlotte Ringdal gjekk systematisk til verks for å samle alt av legejournalar for å undersøke om det kunne vere ein samanheng mellom prevensjonsbruken og plagene ho sleit med i mange år.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Etter ni år med store smerter og utmatting, var Charlotte Ringdal (34) nær ved å gi opp og bli ufør.

Ni år med legebesøk, tilvisingar til ulike spesialistar og behandlingssenter for å finne årsaka til plagene hennar, utan hell.

– Eg fekk inntrykk av at eg berre måtte akseptere at eg kanskje aldri ville bli frisk att.

Det var kjærleiken til jobben som forskar som motiverte ho til å gjere eit siste forsøk på å finne ut kva som feila ho.

Med ein doktorgrad i samfunnsøkonomi er ho van med å gjere research, og har brukt endelause timar framfor ein skjerm på leiting etter svar.

I dette arbeidet kom ho over namnet på ein ortoped, som er ein spesialist på muskel- og skjelettplagar. Namnet hans er Jan Roar Orlin.

Av han fekk ho eit uventa råd:

– Han bad meg prøve å slutte med prevensjon. Eg måtte fnise litt, for eg hadde inga tru på at det skulle fungere.

Men rundt to veker seinare, skjedde derimot noko merkeleg. Ho vakna opp til ein god dag.

– Eg tok det med ei klype salt, for eg har hatt gode dagar før. Men så haldt det berre fram.

Charlotte Ringdal.

ØNSKER MEIR FOKUS: Charlotte Ringdal ønsker eit større fokus på fysiske biverknader av prevensjon, men vil ikkje skremme kvinner frå å beskytte seg mot graviditet. Ho oppfordrar dei med plager om å snakke med legen sin.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Kan gi biverknader

Charlotte gjekk på p-ringen Nuvaring, eit kombinasjonspreparat som inneheld hormona østrogen og gestagen. Ifølge Felleskatalogen kan Nuvaring gi ulike biverknader som delast inn etter førekomst.

Bekkensmerter blir rekna som ein vanleg biverknad som kan råke éin av 10 kvinner.

Av dei mindre vanlege biverknadane finn ein mellom anna ryggsmerter og smerter i armar og bein, som råkar rundt éin av 100 kvinner.

NRK har fått innsyn i Charlotte sine legejournalar, som stadfestar at ho sidan 2012 har slite med plager frå hofter og kne, ryggsmerter og utmatting.

Dei stadfestar også eit nært samanfall i tid mellom oppstart med hormonprevensjon og symptom som smerter og utmatting.

Ho hadde også opphoping av vatn i kroppen. Det kan, ifølge ortoped Jan Roar Orlin, i sin tur legge press på nervar og gi smerte.

Dette var bakgrunnen for forslaget om å kutte prevensjonsbruken for ein periode.

– Det er eit enkelt tiltak som dersom det innfrir, kan spare pasienten for vidare utreiing med blodprøver, røntgen, mogleg kirurgi og annan terapi.

Hevelsane i Charlotte sine kne og fingrar forsvann, og ho kunne ta i bruk ringane som lenge ikkje hadde passa.

– Det er kanskje mykje meir som skjuler seg bak prevensjon og smerter enn det vi har vore klar over, men her trengst det grundig forsking, seier han.

P-pillar

P-PILLAR: Prevensjon kan gi ulike biverknader, men dei fleste går over etter nokre månader.

Foto: Ingeborg Kløve-Graue

– Aldri høyrt liknande

Professor ved Institutt for samfunnsmedisin på Universitetet i Tromsø, Finn Egil Skjeldestad har forska mykje på prevensjon. Han har aldri høyrt om noko liknande.

– Det er mykje vi ikkje veit om prevensjon, men denne sjukdomshistoria med muskelsmerter og utmattingssyndrom grunna prevensjonsbruk, har eg aldri høyrt om.

Han vil ikkje avskrive ein samanheng, men understrekar at det ikkje finns belegg i forskinga for å påstå med sikkerheit at det var hormonprevensjonen som var årsaka til Charlotte sine plager.

Skjeldestad legg til at biverknadar som står oppført i Felleskatalogen er basert på innrapporteringar, ikkje nødvendigvis med bakgrunn i forsking.

– Kroppen er ein kjemisk fabrikk

Sjølv om Charlotte ikkje kan vite sikkert om prevensjonen forårsaka nokre av plagene hennar, ønsker ho eit større fokus på dei moglege biverknadane av dei.

– Om det ikkje finns forsking som underbyggar at østrogen kan forklare ditt sjukdomsbilete, kan nokon eigentleg klandrast for å ikkje ha sett ein samanheng?

– Eg veit at eg ikkje kan bevise at prevensjonen er årsaka til plagene mine, men i og med at fleire av symptoma eg hadde står som biverknader, så meiner eg det burde blitt vurdert.

Ho får støtte frå lege Trine Aarvold i på Sex og samfunn, Noregs største senter for seksuell og reproduktiv helse og rettigheiter.

Trine Aarvold, lege ved Sex og samfunn

PREVENSJON: Lege i Sex og samfunn, Trine Aarvold understrekar at dei fleste kvinner toler prevensjon godt, og at dei fleste som får biverknader opplever at desse forsvinn etter nokre månader.

Foto: Kai Myhre

– Mange tenker på prevensjon som noko anna enn eit legemiddel, og eg trur difor mange gløymer å nemne biverknader når dei skriv ut prevensjon.

Ho meiner det er viktig å understreke at dei fleste toler prevensjon godt, og at dei som får biverknader opplever betring etter tre til seks månader.

Ifølge Aarvold er det viktig å sjå på prevensjonsbruk når unge kvinner kjem til lege med uforklarlege plager.

– Vi kjenner ikkje til alle biverknadane av prevensjon, så det er viktig at vi som helsepersonell tek kvinner på alvor når dei kjem til oss med plager. Kroppen er ein kjemisk fabrikk, og korleis den reagerer på det den får i seg er veldig individuelt.

LES OGSÅ: