Hopp til innhold

No blir det lettare for jenter under 16 år å få prevensjon

Helsesjukepleiarar og jordmødrer skal få utvida retten til å skriva ut prevensjon til jenter under 16 år. – Skulle berre mangla, seier helsesjukepleiar Agnes Giertsen.

Prevensjon

LARC: Langtidsfungerande prevensjon som p-stav og spiral blir i dag anbefalt av styresmaktene då det gjer minst risiko for brukarfeil og har som oftast lite biverknader.

Foto: Ingeborg Kløve-Graue / NRK

I dag kan helsesjukepleiarar og jordmødrer berre skriva ut prevensjon til jenter over 16 år. Til no har det berre vore legar som kan skriva ut prevensjon til jenter som er yngre, men frå nyttår blir reglane endra.

– Det skulle berre mangla at me får skriva ut prevensjon til dei jentene som kanskje treng det mest, seier helsesjukepleiar Agnes Giertsen.

Ho jobbar på helsestasjon for ungdom på Engen i Bergen, og fortel at dei har jobba for dette i fleire år.

Agnes Giertsen

Helsesjukepleiar Agnes Giertsen seier det skulle berre mangle at dei får skriva ut prevensjon også til jenter under 16 år, då det er dei som møter ungdommen og veit kva behov dei har.

Foto: Ingeborg Kløve-Graue / NRK

Tryggare sexliv

Endringa er eit tiltak i regjeringa sin handlingsplan for å redusera talet på abortar, og for at prevensjon skal bli lettare tilgjengeleg for unge.

– Prevensjon er i utgangspunktet for å ikkje bli gravid, men det er også viktig for eit godt sexliv, og å kunne gje unge jenter moglegheita til å ha det, seier Giertsen.

Eit krav er at jentene må ha ein samtale med helsesjukepleiar eller jordmor ein gong i året.

– Det er bra at me kan gje tilbod om ein slik samtale om korleis det går. Då kan me finna ut om prevensjonen passar for ho, om ho har biverknader eller om det er noko anna ho eller paret har behov for hjelp til, seier Giertsen.

P-piller er en type prevensjonsmiddel

PREVENSJON: Det finst fleire typar hormonell prevensjon. Sjå faktaboks.

Foto: Ingeborg Kløve-Graue / NRK

Må betala for det sjølv

I dag finst det ei ordning som gjer at jenter mellom 16 og 19 år får prevensjonen dekka av staten. Dette vil ikkje gjelde jenter under 16 år.

– Det tenkjer eg er veldig spesielt. For er det nokon som har dårleg råd så er det ungdom under 16 år, seier Giertsen.

Gratis i Oslo

Eit unntak er Oslo kommune som har sett i gang eit prøveprosjekt der dei skal gje gratis prevensjon også til jenter under 16 år.

Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke seier regjeringa så langt ikkje har foreslått å utvida bidragsordninga til jenter under 16 år.

Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke Foto:

VIKTIG FOR REGJERINGA: Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke seier at auka tilgang på prevensjon heile tida har vore eit mål for regjeringa.

Foto: Borgos Foto AS

– Me vil heller prioritera ei gradvis utviding av ordninga for gratis langtidsfungerande prevensjon fram til kvinna er 24 år, seier ho.

– Viktig tiltak for å sikra sjølvavgjersle

– Dette er me veldig positive til, seier leiar i Seksualpolitisk Nettverk for ungdom, Rebecca Wångström.

Dei har jobba for dette lenge og seier det er viktig at jenter under 16 år har enkel tilgang til prevensjon utan at dei bli påført skam for det.

– Det er inga hemmelegheit at det finst dei under 16 år som har sex. Det er mange som har ønska seg lettare tilgang til prevensjon, seier Wångström.

 Rebecca Wångström

SKAL IKKJE FØLA SKAM: Leiaren i SNU, Rebecca Wångström, seier det er viktig at også jenter under 16 år får lettare tilgang til prevensjon og at dei ikkje skal kjenne på skam over det.

Foto: August Tekrø

Ho påpeiker at det er viktig å vera klar over at prevensjon har biverknader.

Det er helsesjukepleiaren einig i.

– Ein skal vera hundre prosent sikker på at desse jentene får god rettleiing og får snakka med kompetent helsepersonell, seier Giertsen.

Kan dette bidra til at fleire blir seksuelt aktive i ung alder?

– Tilbod og informasjon om prevensjon senkar ikkje debutalderen. Heller tvert i mot, for me snakkar om kropp og det å gjera eigne val som bidreg til fridom, seier Giertsen.