Hopp til innhold

Jobben til Duangrat gjer at kollegaene får meir tid med bebuarane

Magnhild Uglehus (92) får servering av matvertar i omsorgsbustaden der ho bur. Det kan mellom anna gje betre tid for dei tilsette og mindre matsvinn.

Matvert Duangrat Khrutram slår av ein prat med Magnhild Uglehus.

Matvert Duangrat Khrutram slår av ein prat med Magnhild Uglehus.

Foto: Tale Hauso / NRK

Med dansande bevegelsar går Duangrat Khrutram frå bord til bord for å dekka på til lunsj ved Strandebarm omsorg.

På seg har ho eit blått forkle der det står tydeleg «matvert».

I Kvam i Hardanger har dei starta opp eit prøveprosjekt med såkalla matvertar.

Eit tiltak dei allereie ser fleire positive sider ved, og som kan løysa mange av utfordringane i eldreomsorga for norske kommunar.

Les også Sulten på sykehuset

Edel Almås på sykehuset.

Bytta oppgåver

Det vanlege er at pleiepersonell som sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i stor grad også har ansvaret for måltid og oppvask.

Det er ikkje nødvendigvis rett bruk av ressursar og gjev heller ikkje den roa og måltidsopplevinga som er ønskjeleg, seier klinisk ernæringsfysiolog Eli Skeie i Kvam herad.

Ho er ein av dei som har hovudansvaret for matvertprosjektet.

Desse oppgåvene er no blitt matvertane sine. Dei skal sørgja for at bebuarane får servert smakfull og næringsrik mat som er tilpassa individuelle behov og preferansar.

– Eg passar på kva dei toler, og kva dei liker og ikkje liker. Hjelper dei med maten og får god tid til å prata med dei. No må eg ikkje hasta vidare til noko anna, seier Khrutram.

Duangrat Khrutram er matvert ved Strandebarm omsorg og har ansvaret for matserveringa.

Duangrat Khrutram er matvert ved Strandebarm omsorg og har ansvaret for matserveringa.

Foto: Tale Hauso / NRK

Pleiarane får betre tid

I 2022 budde det over 83.000 personar på institusjonar og omsorgsbustadar i Noreg, og over 150.000 har arbeidsplassen sin der, viser tal frå SSB.

Carina Kvitastein er helsefagarbeidar ved Strandebarm omsorg. Ho synest det er bra at ho og dei andre pleiarane kan få nytta tida si til oppgåver som i større grad krev deira kompetanse.

Tidlegare hadde vi mykje arbeid på kjøkkenet. Det var pådekking og avdekking, inn og ut av oppvaskmaskina. No slepper vi det. Vi har fått mykje betre tid med brukarane, seier Kvitastein.

Lesestund på Strandebarm omsorg

Carina Kvitastein er helsefagarbeidar ved Strandebarm omsorg. Ho merker at ho har fått betre tid saman med brukarane. Her les ho i aviser saman med ein av brukarane.

Foto: Tale Hauso / NRK

Mindre matsvinn

I tillegg til betre tid for pleiarane, ser ein og andre fordelar, som mindre matsvinn.

Klima- og miljøministeren og Landbruks- og matministeren fekk i januar ein rapport frå Matsvinnutvalet om korleis halvera matsvinnet i Noreg innan 2030.

Eit av tiltaka som er føreslått er å innføra matvertar i offentlege verksemder.

– Matvertar har vist seg å ha effekt, difor er det eit av tiltaka som heile utvalet stiller seg bak og som vi håpar det blir sett av ressursar til å realisera i fleire kommunar, seier administrerande direktør, Petter Haas Brubakk i NHO Mat og Drikke, som og har leia arbeidet med Matsvinnutvalet.

Petter Haas Brubakk er administrerende direktør for NHO Mat og Drikke.

Administrerande direktør, Petter Haas Brubakk i NHO Mat og Drikke har leia arbeidet med Matsvinnutvalet.

Foto: Lars Trygve Grønstad / NRK

Matvertane er no dedikerte personar som får tid og konkrete oppgåver for å i større grad gje bebuarane individuell tilpassing i måltidssituasjonen. Og dei ser at dei treffer betre på mengder og innhald.

– Eg ser at det har blitt mindre kasting av mat. For vi lagar mat dei liker og meir passelege porsjonar, seier matvert Khrutram i Strandebarm omsorg.

Kokk Renate Bakkely på Strandebarm omsorg lagar klar lunsj.

Renate Bakkely er kokk ved Strandebarm omsorg og lagar mat ho veit dei vil ha. I dag er det omelett på lunsjmenyen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Les også Matsvinnet i Norge skal halveres innen 2030 – slik vil de gjøre det

På matbutikken i Svolvær i Lofoten er Eline Mosan McMillan og Michael McMillan på jakt etter nedprisede varer som snart går ut på dato.

Mat er viktig for dei eldre

Matvertane har og ei viktig rolle i å fanga opp eldre som er i risiko for underernæring.

Underernæring kan ikkje nødvendigvis sjåast med det blotte auge, ein kan til dømes vera overvektig, men underernært.

– Då er det naudsynt å ha gode system for å fanga opp dei som er i risiko eller allereie er underernærte, slik at ein kan setja i gang med tiltak og følgja dei opp på ein god måte, seier Skeie.

Eli Skeie, klinisk ernæringsfysiolog i Kvam herad.

Eli Skeie er klinisk ernæringsfysiolog i Kvam herad.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fagforbundet ser at matvertane har ei viktig rolle i helse- og omsorgstenestene, både i kommunane og på sjukehusa.

Dei som har ei organisert matvertordning lukkast betre, både i forhold til økonomi og livskvaliteten til pasientane.

– Mange tenkjer at det er dyrt, men det er det ikkje. For det er veldig økonomisk å sikra at ein har ei god og riktig oppgåvedeling i forhold til bruk av personell og ressursar, seier leiar for faggruppa for ernæringsfagarbeidarar, Erlend Eliassen i Fagforbundet.

Det finst ikkje ei oversikt over kor mange matvertar det er i Noreg i dag, men på sjukehusa har dei kome på god veg.

No gjeld det at kommunane og melder seg på, og dette blir spennande å sjå framover, seier Eliassen.

Positive tilbakemeldingar

Magnhild Uglehus (92) er ein av bebuarane på Strandebarm omsorg. Ho er nøgd med matvertane.

– Matvertane er til god hjelp og er imøtekommande, det set vi veldig pris på, seier Uglehus.

Kvam herad har sett av 2 millionar kroner til matvertprosjektet, som i første omgang skal prøvast ut i eitt år.

Ernæringsfysiolog Skeie er spent på korleis reknestykket blir til slutt.

Vi håpar at prosjektet vil trekka ned både matsvinn og utgifter knytt til det. Og om vi klarer å få vekk litt av presset på pleiegruppa, så får vi kanskje ned fråværet og vikarkostnadar og, seier Skeie.

Les også Elisabeth (24) vil ha jobben flertallet ikke vil ha

Elisabeth Lie.