Hopp til innhold

Mat kan gje Bergen straum

Matavfall og kloakk kan erstatte kraftmaster i Hardanger, meiner biogründer.

Matavfall kan gje Bergen straum

Ein treng ikkje byggje straumlinjer i Hardanger når ein kan nytte biogass, meiner gründer.

Eit av regjeringa sitt viktigaste argument for å byggje kraftlinjer i Hardanger er at Bergen treng sikrare kraftforsyning.

Men dette kan løysast på andre måtar enn master eller sjøkabel, i alle fall om ein skal tru gründer Jens Måge. Ifølgje han kan nemleg kraftproblemet løysast ved å ta i bruk biogass.

– Det kan nyttast til å lage straum, det kan nyttast til drivstoff til bussar og bilar, så det er jo ein fleksibel gass som kan nyttast til mykje, seier han.

LES ÒG: - Ikkje råd til begge delar | – Mastene gir dyrere kraft

Kan erstatte master

Ved å byggja ut røyrsystem og infrastruktur for naturgass, kan matavfallet brukast som biogass, meiner han. Matavfallet i Bergen kan indirekte erstatta gigantmastene i Hardanger. I tillegg til å bli kvitt matavfall, kan kloakk, fiskeavfall og husdyrgjødsel brukast.

– Dersom me ser på kva dei har gjort i Sverige, har dei jo kombinert biogass og naturgass i samme røyrsystem. Det samme gassen, nemleg metan. Og i den infrastrukturen i Sverige no meir biogass enn dei har naturgass, seier han.

– Men er det ikkje ein omfattande jobb å byggje eit eige kraftverk til biogass?

– Når ein ser kva me har fått til i olje- og gassindustrien dei siste 20-30 år, så trur eg me kan løyse dette. Det er ikkje ny teknologi, seier Måge.

LES ÒG: - Blir overkøyrde av styresmaktene | Industrien frykter høye strømpriser

Vil ikkje kommentere

Energidepartementet avslår å kommentera utspelet. Regjeringa konsentrerer seg om å få på plass uavhengig ekspertise som skal vurdera kraftbehovet i Bergen.